Det er ei real storstove som no skal fyllast med liv i Ryfoss.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kva skal inn i storstova?

Kva skal inn i storstova?

22. mars 2018

Det er store vindauge og høgt til taket i «bonusavdelinga» hjå Joker Ryfoss. Men kva skal denne storstova brukast til? Eigar Tom Kjetil Tørstad er open for forslag.

– Eg tykte vi laut ha denne vinkelen for å unngå å byggje eit «fjøs» når vi fyrst skulle byggje ny butikk. No er det på tide å gjera ferdig bygget og finne ut kva som skal inn her, og vi er særs opne for forslag, fortel Tørstad.

Nye Joker Ryfoss opna 1. desember og har vorte ein naturleg samlingsplass i Ryfoss. Dei 150 kvadratmetrane som utgjer «bonusarealet» er såleis ein viktig del av eit levande sentrum.

– Vi leiger helst ut til nokon som vil drive næring, og innreiar etter kva ideen går ut på!

Kontakt Tom Kjetil for å lansere din ide for bygget: 990 09 484// tomk76@online.no