Nyheit

Kven skal drive jorda i Valdres?

  Nyheitsarkiv
16. okt 2018
  • Velkommen til bokkveld og debatt på Vang folkebibliotek. Foto: Hilde Lysengen Havro
  • Hilde Lysengen Havro og Astrid Sverresdotter Dypvik frå Nationen presenterer den kritikarroste boka “Kven skal eige jorda? - Ei bok om mat og makt." på biblioteket i Vang. Foto: Siri Juell Rasmussen.
Debatt på biblioteket 25. oktober

Torsdag 25. oktober inviterer avisa Nationen, Vang Folkebibliotek og Vang Frivilligsentral til debattkveld om landbruket.

Astrid Sverresdotter Dypvik og Hilde Lysengen Havro frå Nationen presenterer den kritikarroste boka “Kven skal eige jorda? - Ei bok om mat og makt." Boka fortel om kappløpet om den fruktbare svartjorda i Ukraina, om gjeldstynga bønder i Danmark og om odelsjenta på eit sauebruk i Vang i Valdres.

Etterpå blir det debatt Valdreslandbruket. Mange av gardane i området er små, mange treng store nyinvesteringar. Men er det det plass Valdreslandbruket i framtidas matproduksjon?

Dei som er med i debatten er

  • Guro Lajord, sauebonde Vang
  • Ole-Jacob Christensen, småbrukar i Vestre Slidre og medlem av MDG
  • Eivind Brenna, ordførar i Vestre Slidre (Bygdelista/Venstre)
  • Jørand Ødegård Lunde, dagleg leiar Valdres Natur- og Kulturpark
  • Tove Grethe Kolstad, mjølk- og kjøttprodusent i Øystre Slidre
  • Vidar Eltun, ordførar i Vang (Ap)

Tid: Torsdag 25. oktober klokka 1930

Stad: Vang folkebibliotek, Vang i Valdres

Arrangementet er gratis. Det blir servert kaffi og noko å bite i. Møtet er ein del av 100-årsfeiringa til Nationen og er støtta av Fritt Ord.