Nyheit

Kven tilbyr hytteservice i Vang?

  Nyheitsarkiv
23. mar 2020
Takmåking, ettersyn, brøyting, vedlevering og ulike vedlikehaldsoppgåver fiksar vaktmeister- og hytteservicebedriftene i Vang tilbyr. Foto: Tyin hytteservice AS
Her er oversikten

Mange spør om kven som kan sjå etter hytta i desse dagar - her er oversikten.

Den enkle oversikten ligg her - men landskapet er noko meir mangfalding enn det kan verke som.

- Ved sidan av dei som driv spesialisert med dette er det mange som driv i mindre skala attåt gardsdrift eller annan næringsverksemd. Eit godt tips ut over dei i lista her kan vera å høyre på ein av Joker-butikkane, prate med hyttenaboen eller gå via den som allereie brøyter for deg, fortel næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.

For større vedlikehaldsoppdrag er det greit å kople på dei ulike fagbedriftene i Vang. Smått og stort av næringsdrivande i Vang ligg i bedriftsbasen her på sidene. (tips hallgrim@vangivaldres.no om nokon manglar)

Her er og nokre direktelenker.