Emran Ahmadzai er for tida lærling i Fredheim barnehage i Vang sentrum.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lærling i Vang: Emran Ahmadzai - tryllar fram dragar til barnehageborna

Lærling i Vang: Emran Ahmadzai - tryllar fram dragar til barnehageborna

12. mai 2021
Ein liten hyssingstump og ein sliten plastikkpose er nok for at Emran kan trylle fram dragar til barnehageborna i Fredheim. Der er han halvvegs med ein toårig praksis på vegen til fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Det starta med ein vindfull april og ein ide om å prøve å lage dragar. Snart hadde ungane ein ny favorittaktivitet og vinden i Vang ein ny og artig dimensjon.



– Dette er tradisjon i Afghanistan og noko eg har helde på med heile livet. Ungane vart fort veldig ivrige og alle ville ha sin eigen. Det vart ein del dragar i løpet av april der vi har nokre i barnehagen, mens andre har ungane teke med seg heim, fortel Emran Ahmadzai.

Han kom til Vang som flyktning frå Nangarhar-Lajigarprovinsen i Afghanistan i 2015. Saman med fleire andre gutar i same situasjon fekk han bustad i Gullringen bufellesskap i Vang sentrum.

Langsiktig plan

Etter ungdomsskule i Vang vart det Helse og oppvekst på Leira fyrste året på vidaregåande. Andre året gjekk han vidare på barn og ungdom, før det vart praksis i Fredheim frå august 2020.

– Det er flotte kollegaer, vennlege foreldre og veldig mange artige ungar å bli godt kjent med så eg trivst særs godt med praksis i Fredheim Barnehage, fortel Emran.



Planen i fyrste omgang er å ta fagbrevet og helst arbeide nokre år. På sikt er det eit mål å studere meir og verta gymlærar

– Eg har vorte godt teken i mot og møtt mange som har vore viktige for meg for å koma i gang med livet i Norge. Eg set stor pris på folka her og tenker å vera i Vang eller Valdres i ein del år til. Når det vert vidare studiar kan det godt hende eg søker mot Drammen der fleire av vennene mine har slått seg ned den siste tida. Vi får se.