IMG 5941
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lærling i Vang: Rikke med stødig frisørhand

Lærling i Vang: Rikke med stødig frisørhand

03. desember 2023
Med stødig hand gjer frisørlærling Rikke Wangensteen mang ein Vangsjeldning fiffig på håret. No ser ho fram mot resten av lærlingtida hjå Føsse Frisørstuido!

- Det har vore bratt læringskurve sidan eg starta og fram til no. Ein lærer raskere når ein kjem ut i jobb og får gjere ting i praksis, smiler Rikke Wangensteen. 

Etter to år på Gjøvik som student, har ho det siste halvåret tatt fatt på tilværelsen som frisørlærling hjå Føsse Frisørstudio i Ryfoss - og stortrives! 

- Å vera lærling er kjempefint! Det er veldig artig å faktisk få arbeide som frisør og ta fatt på arbeidslivet, også er det fint å tjene eigne penger, seier Wangensteen. 

 

Lang erfaring allereie 

Allereie før Rikke gjekk ut i lærlingtid hadde ho praksisplass i Ryfoss, og fekk difor god kjennskap både til arbeidsplassen, arbeidsoppgaver, dei ansatte og kundene. 

- Det er klart at det har vore ein stor fordel, å bli kjent med sin eigen lærlingplass før ein byrjar for fullt, smiler Wangensteen. 

- Også er det jo veldig trivelege og lærevillige kolleger eg har, så det er god stemning å jobbe her, legg ho til. 

Og når det ikkje går i hårklipp, stussing og farging - ja, då driv Rikke med noko heilt anna; 

- Eg konkurrerer i snøscooter-kjøring, og har gjort det i mange år. Akkurat no ventar eg på ein ny scooter, slik at eg kan delta på fleire konkurranser framover, fortel ho. 

- For meg er noko av det beste å vera ute i naturen og få frisk luft. Difor er eg veldig glad for å vera tilbake i Vang, med fin lærlingplass og mykje flott natur rett utanfor døra heime, smiler Wangensteen.