Image 67517953
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lag din eigen dørkrans til jul!

Lag din eigen dørkrans til jul!

23. november 2023
Iren Vengel Remmen og Margrete Fagerheim inviterer deg til dørkrans-verksted i Ryfoss!

- Vi hadde eit lignande opplegg for nokre år sidan, og det var veldig triveleg, smiler Margrete Fagerheim. 

Ho og Iren Vengel Remmen inviterer til eit aldri så lite juleverksted i dei gamle lokalene til frisøren i Ryfoss, i slutten av november.

- Ta med deg det du ønskjer til pynt på kransen! Me har kranser, tråd og noko pynt. Så, her er det berre å la kreativiteten blomstre, smiler Vengel Remmen. 

- Alle er velkomne, men me ønskjer gjerne at de melder dykk på, legg Fagerheim til. 

Mandag 27. november 11.00-16.00 

Tysdag 28. november 16.30-20.00 

Send melding til Margrete på 99102016 eller Iren på 99377190.