IMG 4392
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Laurdag opnar Kulturstøga i Øye

Laurdag opnar Kulturstøga i Øye

11. mai 2023
Førstkommande laurdag er det endeleg klart for opning av Kulturstøga i Øye!

- Endeleg er det klart for opning av Kulturstøga! Og det gler me oss veldig til, smiler kyrkjeverje Guro Hovda.

Heilt sidan Hovda starta opp i stillinga si ved Kyrkjekontoret i 1997, har dette vore noko ho har hatt ansvar for. Arbeidet med å sikre alle statlege kyrkjer starta i 1994, og riksantikvaren fekk pengar til å sikre bygga rundt om i landet. 

- I mellomtiden, i påvente av nettopp Kulturstøga, har Øye hatt en grønn container ståande like ved her. Den vart fjerna forrige veke, så det har altså tatt mange år før ting har vore klart, seier Hovda. 

 

Arkeologiske gjenstander og informasjon 

I Kulturstøga er tanken at både lokale og turister skal kunne få informasjon om stavkykja i Øye, dei andre stavkyrkjene i Valdres og få moglegheit til å sjå arkeologiske funn frå kyrkja i Øye. 

- Gjenstandene som er stilt ut har me fått låne av historisk museum i fem år. Akkurat det synes me er utrulig stas og spennande å få moglegheit til å vise folk, seier Hovda. 

- I tillegg til plansjene innendørs, er tanken at det på sikt skal settes opp plansjer med informasjon om området, turstier og historiske husmannsplasser utenfor Kulturstøga, legg ho til. 

Hovda fortel at det er landskapsarkitekt Ingrid Skravhaug og Rune Vik som har tegnet og utformet Kulturstøga. 

- Det er jo ekstra stas at det er lokale som har gjort den jobben, det har vore utruleg dyktige og det har vorte eit særdeles stilig bygg, fortel Hovda. 

Ho roser også kommunen for å ha investert både tid og mykje penger i at Kulturstøga skal realiseres. 

 

 

Spent på responsen 

Førstkommende laurdag 13. mai klokka 13.00 er det offisiell opning av Kulturstøga, med høgtideleg snorklipping, taler og teaterinnslag. Markeringen fortsetter videre i Øye samfunnshus. 

- Vi håpar heile bygda, heile Vang, heile Valdres, ja - heile Norge kjem til Øye og blir med på dette, smiler Hovda.  

Ho fortel at dei er spent på responsen utover sumaren, og håpar at mange kjem til å bruke bygget.

- Kulturstøga vil vera open likt med omvisning i Øye stavkyrkje i sumar, seier ho. 

- I tillegg har me eit håp om at turistbussar kanskje vil ta turen hit, no som me har fått på plass ordentlig toalett her i Kulturstøga og endå betre parkeringsmoglegheiter utanfor her, smiler Hovda.