IMG 5589 2
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Leikande opning av ny leikeplass!

Leikande opning av ny leikeplass!

19. oktober 2023
I går var det stortstilt opning av nytt uteområde i Fredheim barnehage. Og ordførar Vidar Eltun fekk grundig innføring i korleis den nye leikeplassen skulle brukes!

- I dag handlar det om å feire at ungane, personalet og foreldre i Fredheim barnehage har fått eit heilt nytt og fantastisk fint anlegg å leike i, jublar barnehagestyrer Karin Trøen. 

Leikeplassen og uteområdet i barnehagen har lenge vore underdimensjonert, etter at det i Vang gjekk frå å vera fire til to barnehagar. Det var difor stor stas når alle kunne samles til opning av nytt og større leikeanlegg! Det heile vart starta med Blime-dansen av alle barnehagebarna, til stor applaus frå publikum. 

- Me har vore heldige å få ta i bruk det nye anlegget frå 21. august, men det er ein stor glede å få innvie det med ein høgtideleg markering, seier Trøen. 

 

Takknemleg for godt samarbeid 

Trøen fortel at det er mange som har engasjert seg i det nye uteområdet i barnehagen, og at heile prosjektet har vore eit stort og godt samarbeid mellom fleire flinke folk. 

- Det er mange me vil dele æra for dette med. Det heile starta med engasjerte foreldre, og foreldrerepresentant Mari Kaspersen var pådrivar for å sette ned ein komite, med representantar frå både foreldre og personal, seier Trøen. 

Ein grundig søknad med gode grunnlag for oppgradering ble sendt til kommunalsjef for utdanning og kultur, Marta Bjørnøy Lalim som umiddelbart var entusiastisk, og sendte saken vidare til kommunestyret. 

- Kommunestyret valde å satse på framtida, og bevilga ein stor sum for at barna i Fredheim barnehage skulle ha ein god leikeplass. Det er me særs takknemlege for, smiler Trøen. 

Ho nevner også god hjelp fra teknisk etat, med Magnus Lajord i spissen. Samt Aktiv lek, som har levert apparater til leikeplassen. 

- Og ein ekstra stor takk til ordførar Vidar, som har stått på for barn og unge i Vang. Han har deltatt, engasjert, støtta, bevilga, leika i lag og heia. Tusen takk for den gode jobben du har gjort som ordførar, applauderer Trøen. 

 

Innviet leikeplassen med ordføraren 

Før snora skulle klyppast på høgtideleg vis, var det duka for ordentleg innvielse av leikeområdet. Årets skulestartarar hadde tatt på seg jobben med å vise ordførararen rundt i apparatene. 

- Det er klart du skal få teste leikeområdet, Vidar! Skulestartarane skal vise deg rundt, smiler Trøen. 

Opp, ned, under og over. Leikeplassen vart godkjent, og falt i god smak både hjå barna og ordføraren! 

Eltun hadde sjølvsagt oppgåva med å klippe snora, og ba med seg barna til å hjelpe han. Til stor jubel ble den røde snora klippet, og det nye lekeområdet var offisielt opna! 

Hurra! Hurra! Hurra!

Sjå fleire bileter frå opninga av leikeplassen nedanfor.