Lene Rogn Lokreim og hunden Nova er klar for eventyr i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lene tilbake i Vang etter 14 år utanbygds

Lene tilbake i Vang etter 14 år utanbygds

31. januar 2023
Lene Rogn Lokreim (30) hadde budd utanfor Vang i 14 år, då ho plutseleg bråbestemte seg for å flytte heim. No sjonglerer ho den nye, hektiske kvardagen med pustepauser i frisk fjelluft.

- Det er veldig deilig å vera heime i Vang. Det er ein heilt anna ro og stillhet her, enn i byen. Og det sett eg veldig stor pris på, seier Lene Rogn Lokreim. 

Etter 10 år i Oslo fekk Lene til slutt nok av byen. Det travle livet, der det heile tida skjer noko, tempo er høgt og ein fort kan føle at ein druknar litt i mengden. Ho bråbestemte seg for å pakke snippsekken, ta med hunden Nova og flytte heim til fjellbygda ho vokste opp.

- Eg har ikkje angra ein dag. Det føles heilt rett å vera tilbake i bygda, sjølv om eg må innrømme at det er litt rart og. Å vera her som vaksen, er jo ikkje det samma som å vera her som ungdom, smiler Rogn Lokreim. 

 

Mange baller i luften 

Og sjølv om livet i Vang er både roleg og stille i forhold til byen, er det slettes ikkje rolege dagar for Lene likevel. Med tre forskjellige jobbar og ein særdeles aktiv hund, blir det lite tid til overs. 

- Eg var heldig å fekk jobb i barnehagen i Høre, Intersport Filefjell i helgar og feriar og i tillegg hjå Frivilligsentralen, der eg har ansvar for Aktive saman og BUA, smiler Rogn Lokreim. 

Innimellom slaga rekk ho og å vera avløysar i geitefjøset, heime på garden. 

- Men når eg ikkje er på jobb, då er eg ofte på tur med Nova, hunden min. Ho er ein super turvenn, og me har ambisjonar om å besøke både skiløypa og fjelltoppane i nærområdet ofte, fortel ho. 

- Så jobbar eg jo i BUA, og har moglegheit til å teste ut ein del utstyr, så det skal eg verkeleg benytte meg av. Det er jo ein ypperleg moglegheit til å prøve nye ting, ler Rogn Lokreim. 

Ho fortel at BUA er eit supert tilbod, både for lokalfolket, men og folk som er på feire i Vang. 

- Ein har jo moglegheit til å låne utstyr og gjere mange forskjellige aktivitetar, utan å måtte kjøpe alt. BUA er sesongbasert, så no på vinterstid går det mykje i akebrett, ski, truger, bålpanner og diverse turutstyr, seier ho. 

- Me har ope tirsdager og torsdager, 15.00-16.00 kvar veke. Tirsdager er hovudsakleg innleveringsdag, og torsdagar er utlånsdag, legg ho til. 

 

Spent på den nye kvardagen 

Etter 14 år utanfor Vang, er det litt uvant for Logn Lokreim å vera tilbake i heimbygda på fulltid. Ho fortel at ho er spent på den nye kvardagen, og har stor tru på at det blir veldig bra. 

- Eg gler meg veldig til å komme ordentleg i gang, kanskje spesielt i Aktive saman-prosjektet, som krev at eg finn litt min eigen veg og måte å gjere det på. Det er jo ein veldig sosial jobb, der ein møter mange forskjellige mennesker, seier ho. 

- Det er ei veldig spennande utfordringar som eg gler meg til å ta skikkeleg fatt på, smiler Rogn Lokreim. 

I tillegg er det spesielt ein ting Lene gler seg stort over, ved å ha flytta tilbake til Vang; 

- Eg diggar å kjøyre bil, det synes eg er skikkelig hyggeleg. Det blir heldigvis mykje av det fremover, og det er eg så glad for, ler ho.