Belgin Zeren, Ada Zeren, Aykut Zeren og Ida Zeren storkoste seg på gardsbesøk hjå Tyinlam denne veka.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Livets fyrste vinterferie på Filefjell

Livets fyrste vinterferie på Filefjell

03. mars 2023
Familien Zeren fekk denne veka oppleve sin aller fyrste vinterferie på fjellet. - Dette har vore heilt fantastisk!

- Desse dagane har vore heilt fantastisk! Dette er verkeleg ein uforgløymeleg, første ferie, smiler Aykut Zeren. 

Han og familien er busett på Sokna til vanleg, men denne veka har dei vore på sin livs fyrste ferietur, til vakre Filefjell. Gjennom ordninga «Ferie for alle» har Røde Kors og Tyin-Filefjell tilbudt eit knippe vanskeligstilte familiar ein gratis ferie til fjells. 

Med eit smekkfullt opplegg der alt frå alpinski, rebusløp, spelkveld til gardsbesøk stod på planen, har denne veka skapt både nye minner og nye, gode vennskap. 

 

Takksamme for moglegheiten 

Belgin Zeren fortel at dei er veldig takksamme for at dei har fått moglegheiten til å oppleve sin fyrste vinterferie nokon gong, og at dei er blitt så godt tatt vare på. 

- Me er veldig takksamme for at me har fått moglegheiten til å oppleve dette, både for oss og barna. Me har fått prøve mange nye aktivitetar, blitt kjent med så mykje fine folk og hatt det heilt magisk, seier Belgin.

- Prikken over i´en må jo vera det utrulege nordlyset me har sett, det tok heilt pusten frå oss, smiler ho. 

Med seg til Filfjell hadde Aykut og Belgin sine to døtre; Ida (3) og Ada (11) som begge hadde sitt første møte med vinterferie høgt til fjells! 

- Høgdepunktet denne veka må nok vera alpinski, det var skikkeleg artig og det var veldig flinke instruktørar. Det har vore veldig fint å vera på fjellet og eg håpar å ein gong få koma tilbake, smiler Ada. 

 

- For ein fantastisk gjeng!

Gjennom «Ferie for alle» får vanskelegstilte familiar tilbod om ein aktiv ferieopplevelse for heile familien. For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie sammen; då får familien moglegheit til å dele gode opplevingar og skape felles minner.

Ferieleder Jorun Jung Jenserud har jobba i Røde Kors i litt over eitt år, og synes at desse turene er noko av det mest meiningsfylte og givande ho gjer. 

- For meg er dette utruleg verdifullt å vera med på. Eg brukar av min fritid for å vera med på desse ferieturane, men opplevinga er meir enn nok lønn for meg. Eg får jo moglegheiten til å bli kjent med så mykje fine folk, og eg får lov til å leike litt sjølv om eg er vaksen, ler Jenserud. 

Jorun skryt av opplegget som Tyin-Filefjell og dei ansatte har spikra for familiane. 

- For ein fantastisk gjeng! Me har verkeleg komme til dekka bord og hatt det så fint. Eg må verkeleg få rose dei ansatte som har fulgt oss denne veka, dei har vore så dyktige, seier Jenserud. 

- Så må me jo og sei at været har vore på vår side denne gongen. Filefjell har jo verkeleg vist seg fra sin beste side, og levert drømmeforhold, smiler ho. 

 

Meiningsfylt å vera med på 

Dagleg leiar ved Tyin Filefjell, Eirik Høyme Rogn fortel at «Ferie for alle» gjennom Røde Kors har vorte ein viktig tradisjon på fleire av destinasjonane til Fredensborg Fritid, og at det no var naturleg at Tyin Filefjell også vart med på dette.

- For oss oppleves det særedels meiningsfylt å få bidra til at så mange som mogleg får oppleve vinterfjellet på sitt beste, seier Høyme Rogn. 

- Ferie for alle er jo kanskje også endå meir aktualisert i den tida vi lever i no, det er tøft for mange i Norge om dagen, og då er det ekstra stas å kunne opne døra til dei gjestene me kanskje ikkje vanlegvis har her kor dag, smiler han. 

Han fortel at dette har vore ein fin oppleving og at Tyin Filefjell absolutt ikkje er fremmed for å arrangere fleire slike feriar. 

 

Sjå fleire bileter frå vinterferien på Filefjell nedanfor.