I år er det lokalvalsdebatt i alle valdreskommunane. – Å samarbeide med folkebiblioteka var naturleg for oss. Folkebiblioteka er gode samlingsplassar i bygda, som sosiale møtestader og ein stad for kunnskap og opplysning, og dei har erfaring med arrangement. Vi er svært glade for at me får til å arrangere totalt seks debattar saman med biblioteka,seier Hilde Havro frå avisa Valdres. Ho leiar debatten i Vang saman med Knut Aastad Bråten.
Partia har sendt inn ønskjer til emne, og debattleiarane jobbar no med å utforme spørsmål og program for kvelden. Det er fem parti som stiller til val i Vang i år:
- Arbeiderpartiet
- Senterpartiet
- Bygdelista i Vang
- Miljøpartiet dei grøne
- Raudt
Vi reknar med fullt hus på biblioteket denne kvelden, og skal gjere vårt beste for at alle frammøtte skal få høyre det som blir sagt. Debatten vil også bli streama på facebookeventet, som er ope for alle, med eller utan facebookprofil: https://www.facebook.com/events/299224652451484
Velkomen til debatt!