92C6C4B2 DBF6 4E20 8C81 5049915FFDBB 1 201 A
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lysmesse med konfirmantane

Lysmesse med konfirmantane

01. desember 2021
Ein engasjert konfirmant-gjeng er klare for å halde årets Lysmesse denne syndagen. Alle er velkomne til ei varm og stemningsfull gudsteneste i Heensåsen kyrkje.

Tradisjon tru skal årets konfirmantar vera med å lage Lysmesse i advendtstida - ei stemningsfull og varm gudsteneste, der alle er hjarteleg velkomne.

Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland gler seg stort til årets Lysmesse med konfirmantane, og er i full gang med å planlegge korleis den skal foregå. 

- Det er tradisjon at årets konfirmantar, eller englane - som eg kallar dei, er med og planlegg heile Lysmessa. Dei skal få setje sitt preg på gudstenesta, og skal hjelpe til med gjennomføring, smiler Laugaland. 

- Me har også fokus på å dra inn bærekraftsmåla i kvar gudsteneste, så det blir spennande å sjå kven dei veljer seg ut no, legg ho til. 

Sokneprest Laugaland står alltid klar og tek imot ein engasjert gjeng med konfirmantar til undervisning og planlegging i Drengestøga. 

Fyrst er det pølsefest og sosialt, før dei tek fatt på arbeidet med Lysmessa. Korleis skal den løysast i år? Og kva finn konfirmantane på mon tru? 

Det finn du ut om du tek turen til Heensåsen kyrkje syndag 5. desember kl.19.00. 

Alle er varmt velkomne til Lysmesse!

 

Sjå fleire bilete lenger ned på sida.