Fredagskos 6
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Magisk fredagskos på Sommerhotellet

Magisk fredagskos på Sommerhotellet

27. juni 2022
Kulinarisk fredagskos på Sommerhotellet vart fulltreffer og får verkeleg verdig plass i Innovangsjon si minnebok.

Full klaff for Fredagskos på Sommerhotellet! Sjelda har vel Vang vist seg frå ein betre side enn denna kvelden. Sol, varme, skyfri himmel, åpen bar, magisk utsikt og fantastisk mat. Blir det stort betre? Det trur me ikkje! 

Både hyttefolk og vangsgjeldinger tok turen til Sommerhotellet denne kvelden, det synes me er svært stas. I tillegg kunne me presentere heile sju nye tilskudd i bygda vår, og det er hvert fall stas! 

Sommerhotellet er i utgangspunktet den perfekte lokasjon for fest og stemning; magisk utsikt, tradisjonsrike og lyse lokaler, samt fantastisk mat på tallerken. Og på toppen av kransekaka er vertskapet heilt upåklageleg - for ein gjeng å arrangere saman med! 

Me gler oss over å kunne arrangere slike fine sammenkomster for både bygdefolk og hyttefolk i Vang, og gler oss stort til høstens Fredagskos!

Bla lengre ned på sida for å sjå bileter frå kulinarisk fredagskos på Sommerhotellet.