4F8EB769 E989 435A 96EB F581D3677248
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Magisk snøhuletur ved Tyin

Magisk snøhuletur ved Tyin

27. mars 2022
Den årlege snøhuleturen for 9. klasse vart gjennomført i strålande solskinn i vakre omgivelser på Tyin.

Kvart einaste år reiser 9. klasse ved VBU på ein årleg snøhuletur i nærområdet. Eit av dei langsiktige måla med denne turen er at elevane skal få oppleve Vang på sitt aller beste, samt bli kjent med nærområdet på ein god måte. Og når Vangsnaturen glimter til med strålande sol, blå himmel og vakkert utsyn over Tyin, er det nok ingen tvil om kva slags minner elevane sit igjen med. 

Inndelt i grupper skulle elevane lage si eige snøhule, der heile gruppa skulle overnatte. Fleire var nok spent på førehand om det ville bli kaldt eller om om hula skulle rase saman. Men, eit godt stykke arbeid i førekant førte til ei trygg og god natt for 9. klassingane. Det vart rett og slett ein magisk tur! 

I tillegg til at turen er ein super boost for klassemiljøet og ein fin måte å lære seg samarbeid på, er den sjølvsagt også knytta opp mot konkrete kompetansemål i fleire fag. Blant anna lærer dei seg å ta i bruk og ta vare på naturen me har omkring uss. 

Nedanfor kan du sjå fleire bileter frå snøhuleturen til 9.klasse!