Mads Andre «Makken» Haugen frå Vang lev livet som heiltidssyklist. Foto: Redbull media
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Makken til biblioteket

Makken til biblioteket

06. november 2018

Onsdag 14. november kl 19.00 kjem Mads André ‘Makken’ Haugen til Vang folkebibliotek for å vise film og bilete, og fortelje frå livet på terrengsykkelen.

Makken er ein av verdas beste freeridesyklistar, og har mellom anna gjort seg bemerka ved å sykle Besseggen. Det akrobatiske talentet hans kom raskt til syne gjennom turn og motorsport under oppveksten, men det var først som 15-åring at han tok til sykkelen - og vart frelst av fridomskjensla.

Han har tidlegare fortalt til Valdresmagasinet at han trur mogelegheita til å leike seg i Vangsfjella er det som har gjort han til den han er i dag. No kjem han heim til Vang for å dele nokre av høgdepunkta frå sykkelsetet, og i følgje han sjølv krev det eit anna type mot enn det han utviser på sykkelen:

- mange har en oppfatning om at jeg er uredd, nå kommer jeg hjem til Vang for å gjøre det som skremmer meg mest; stå på en scene og snakke.

Kvelden er i regi av Vang frivilligsentral, og arrangementet er gratis og ope for alle.

Velkommen!