FredagskosMjøsvang (5 of 8).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mange nye på «Fredagskos»

Mange nye på «Fredagskos»

10. november 2014

Vel femti vangsgjeldingar valte pizza, quiz og sosialisering på Mjøsvang då haustens siste «Fredagskos» vart arrangert. Ekstra artig var det med dei mange nye fjesa som møtte opp.

Vel ti av den pizza-etande gjengen var nemleg såpass nye at dei fekk ein introduksjon mellom middagen og quizen.

Her var både busette flyktningar og festivalsjef representert. Det same var ein ny familie som har valt hytte på Slettefjellet som bustad det neste året. Og ein heil del andre. 



– Bra kveld! Artig å helse på nokre av dei nye fjesa i bygda, kom det frå ein god gamal vangsgjelding i det han var på veg ut døra ved midnatt. 


Storquiz

Tema for kvelden var «pøbb». Med hovudingrediensane pizza, storquiz og godt øl. Enkelt og greitt.

Mjøsvang café serverte pizzabuffet, der både salat, sausar og pizzaer stod til toppkarakter. Det same gjorde quizen som var førti spørsmål lang denne kvelden.

«Har Honda laga snøskutarar?» og «Kva er noregs minste rovdyr?» var to spørsmål som skapa heftig diskusjon rundt om på laga.

Etter quizen var programmet for kvelden over. Det betyr vel og merkje ikkje at kvelden var over, då folk var pratsame og baren open.