Atle Hålien er ny eigar og drivar ved Hålimo camping før sommaren 2020. Foto: Åshild Samseth
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mange satsar på camping i Vang

Mange satsar på camping i Vang

25. juni 2020

Med nye aktivitetar og tilbod er campingplassane i Vang klare for den store Norgesommaren.

– Vi har utvida området litt i år, etablert ein bålplass og gjort fleire oppgraderingar på campingen. Vi har mellom anna fiksa bordtennisbord i garasjen og leiger ut både båt og kano, fortel Atle Onstad Hålien ved Hålimo camping.

Ved nyttår tok han over både gard og campingplass som han driv med god hjelp av familien. 

– Fisking er den store drivaren av trafikk hit. Både dei som vil på fjorden, opp i fjellet eller opp langs elva bur hjå oss, og dette ser jo ut til å bli både ein god fiske- og campingsommar, fortel Hålien.

Hålien jobbar også som dronepilot for Nordic Unmanned og har brukt mykje av vinteren på å pusse opp bustadhuset på campingen der han og sambuaren no bur.

Nye elsyklar

Bøflaten camping har investert tungt dei siste åra og har nytt fellesområde, sanitæranlegg og høgstandardhytter. I år satsar dei ekstra på å få gjestane til å bli nokre dagar lenger.



– Vi har kjøpt inn el-sykkel med lastevogn som er ypperlege for barnefamilien på tur. Vi har også vanlege elsyklar, kanoar, båtar og mykje anna til leie, fortel Joar Rye, dagleg leiar ved Bøflaten camping. 

Dei har så langt i år kome seg greitt gjennom koronatida, og sommarsesongen ser han lyst på. 

- Høgstandardhyttene våre er booka bort heile sommaren og det renn inne bestillingar elles også. Det er sjølvsagt mange utlendingar som skal erstattast, men per no ser det lyst ut, fortel Rye.

Gapahuk og hengekøyer

Ved Rogn camping har dei sett opp ein stor gapahuk denne sommaren som vart teken i bruk alt fyrste natta etter ferdigstilling. 

– Då vi kom ned dagen etterpå hang det to hengekøyer i gapahuken, så den fekk ein god start, fortel Nils Rogn som driv Rogn camping i lag med kona Kari Birgit Lien.

Dei har også etablert eit telt- og hengekøyeområde på ein odde ut mot elva og leiger ut både hengekøyer og el-syklar til dei som ynskjer å teste dette.

– Vi har og utruleg mange som har kjøpt kongevegpakker via nettverksamarbeidet der. Det er nok Kongevegen og fisking som dreg inn flest folk her, men med sommarferien kjem også alle dei andre gjestene som er på gjennomreise eller vil oppleve Vang, fortel Rogn. 

Ala camping held stengt i sommar pga. korona.