88F31A3B F53E 44D6 8EA7 AA52B9DFD773
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Margrete og Gudrun gir stafettpinnen videre

Margrete og Gudrun gir stafettpinnen videre

06. oktober 2022
Eit 20 år langt treningseventyr er over for Margrete Fagerheim og Gudrun Gustavsen. No gir dei stafettpinnen vidare og håpar på nye, friske krefter inn i senteret!

- Det er hjertebarnet vårt. Det føles både vemodig og riktig å gje seg no, etter 18 år på treningssenteret her er det tid for å slippe nye, kreative krefter til, seier Margrete Fagerheim. 

Margrete og Gudrun har lykkast med å skape ein møteplass for alle i bygda, der folkehelse og trivsel har stått i fokus. Ein av dei viktigaste byggeklossene i grunnmuren, har vore at alle skal føle seg velkomne, og alle skal kunne komme som dei er. Og kanskje nettopp det har vore nøkkelen til suksess? 

- Akkurat det har vore veldig viktig for oss, at alle føler seg velkomne og at ein skal føle at det er litt neppå. Det skal vera lågterskel og det spelar ingen rolle kven du er eller kva du har på deg, her er det rom for alle, smiler Gudrun Gustavsen. 

 

Eit modig valg

Dei fleste i dag er godt kjent treningssentre rundt omkring oss, og konseptet er like utbredt i distriktet som midt i byen. Men då Margrete og Gudrun starta opp Ryfoss treningssenter for 18 år sidan, var det langt ifrå vanleg. 

- Tenk så modige me var, som berre hoppa ut i det, utan å eigentleg vite kva me gjekk til. Ei heller var det så mange som var kjent med treningssenter-bransjen då, spesielt ikkje her på bygda, ler Fagerheim. 

Dei to damene dreiv frisørsalong i avdelinga ved sidan av, og hadde store planar om å utvide for å få endå betre plass. Men då Inger Strand i stedet lanserte ideen om å starte treningssenter, var ikkje Margrete og Gudrun vanskelege å engasjere. 

- Me hadde jo knapt nok løfta ei vekt før me starta opp, me hadde jo verkeleg ikkje peiling på kva me hoppa ut i, ler Gustavsen. 

Og med lån på 400.000 frå banken og 119.000 i tilskudd frå Vang kommune, gjekk dei to ivrige damene til verks - no skulle det blir treningssenter i bygda! 

- Heldige var me som fekk hjelp av Jorun Remmen til både innkjøp av utstyr og opplæring i alle apparatene me fikk på plass. Utan ho hadde me jo ikkje visst kor me skulle starte ei gong, seier Fagerheim.

 

Bratt læringskurve 

Det er ikkje til å stikke under ein stol at læringskurva nesten må bli bratt, når ein startar treningssenter utan å ha heilt peiling på alt. Likevel føler dei to damene at dei har vore heldige med både flinke folk og engasjerte medlemmer. 

- I starten var det ei veldig bratt læringskurve, alt var like nytt for oss som for medlemmane våres. Men etterkvart fekk me dreisen og lærte oss å håndtere alt frå drift til medlemskort, seier Gustavsen. 

- Mange av medlemma våre hadde aldri vore på treningssenter før, og det var difor viktig at me ga dei god innføring i dei ulike apparata. Det hugser eg me brukte mykje tid på, å forsikre oss om at alle nye fekk den opplæringa dei trengte for å trene trygt og riktig, legg ho til. 

I tillegg til introtime med nye medlemmar, fekk dei igang eit godt samarbeid med blant anna fysioterapeutene i kommunen, og etterkvart Frisklivssentralen.

- Det tok ikkje så lang tid før folk vende seg til tanken om å gå på treningssenter, og me fekk medlemmar både lokalt her frå Ryfoss, Vang, Øye, Slidre, Røn, Beitostølen - ja, folk kom langveis fra for å trene. I alle aldre, seier Fagerheim. 

- Så mista vi nok ein del folk då det vart kommunalt treningssenter i Slidre, men likevel har det vore utruleg mange trufaste medlemmar som har vore med heile vegen. Og heile tida kjem det nye til. Det jo det som er litt artig, at treningssenteret er like aktuelt for dei unge, som dei gamle, smiler ho. 

- Og vi har vore heldige med medlemma våre, dei er engasjerte, flinke folk. På alle desse åra trur eg det er kun ein gummiball som har vorte ødelagt, det er heilt eksemplarisk. I tillegg er dei flinke til å seia ifrå om det skulle vera noko, og dei engasjerer seg veldig for at treningssenteret skal vera bra, seier Gustavsen. 

I tillegg er fleire av medlemma med på styrke og balansetrening kvar tysdag 11.00-12.00 og gåtur i Ryfoss kvar tysdag 19.00. 

 

Ein viktig møteplass for heile bygda 

To trufaste travere som har vore med frå starten av, er Kari Bø Wangensteen og Inger Helene Bunde. Dei er aktive medlemmar og trenar i Ryfoss fleire gonger i veka. 

- Dette er ein utruleg flott og viktig, lågterskel møteplass for folk i heile bygda. Her er det plass til nybegynner som toppidrettsutøvere. Så er det ein veldig viktig del av Ryfoss sentrum, det gjer det meir attraktivt her, seier Bø Wangensteen. 

- Her er det alltid kjekt å komma, alt på stell og alltid rent. Så føler eg det er eit veldig godt miljø her og at det alltid har vore fokus på at ein skal ha det bra. Eg trur treningssentret er like mykje sosialt for mange, som det er trening, legg ho til. 

Inger Helene Bunde har vore med nesten frå starten, og roser Gudrun og Margrete for å skape eit godt og allsidig tilbod for alle aldre. 

- Treningssenteret her er veldig inkluderande og det gjer terskelen for å komme hit, veldig låg. Så er det aldri for seint å byrje med trening, her er det folk i alle aldre og det er veldig fint, smiler Bunde.

- Det blir veldig uvant at desse damene ikkje skal drive senteret lenger, men eg trur alle har veldig stor forståelse for at dei ønskjer å gje seg no. Så blir dei jo ikkje borte, me kjem jo til å møte dei på trening likevel, seier Bø Wangensteen. 

 

Klar for å gje stafettpinnen videre 

Etter 18 trufaste år er det kanskje ikkje så rart at ein ønskjer å gje stafettpinnen videre til nye krefter. Å gje seg på topp er det noko som heiter, og det kan ein vel sei at desse damene gjer! 

- Det er jo litt vemodig å tenkje på og, at vi på ein måte skal gje slipp på hjertebarnet vårt. Likevel er det riktig og me veit at treningssenteret vil leve videre i nye, kreative retninger, smiler Gustavsen. 

- Tenk på alle desse åra, me har aldri vore uenige, det er heilt utruleg. Eg er den som tenkjer at alt går an å få til, medan Gudrun er den som dreg meg litt ned på bakkenivå att, så me har utfylt kvarandre godt. Som eit gammalt ektepar, eigentleg, ler Fagerheim. 

Så er det jo ikkje slik at desse to damene blir borte. Dei lovar å bli verande på treningssenteret og ikkje gje opp styrketreninga. Men kva anna skal dei finne på no? 

- Gå tur! Der det heile starta! Før vi starta opp treningssenteret, gjekk vi masse tur og det har vi tenkt å gjere endå meir av no. Så må vi jo fortsette å trene her da, vi kan jo ikkje gje slipp på verken treninga eller det sosiale, smiler Gustavsen. 

- Så blir det veldig spennande å følgje treningssenteret videre, fra eit anna perspektiv. Både eg og Gudrun er overbevist om at dyktige folk kjem til å ta over og realisere sin draum, seier Fagerheim. 

 

Du kan lese meir om sal av Ryfoss treningssenter via denne lenka. 

Les meir om sal av næringseigedomen via denne lenka. 

 

Sjå bileter frå den faste styrke og balansetreninga kvar tysdag 11.00-12.00 nedanfor.