7CFE5DF0 F7C6 43EF A635 E733BA730AC4
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Markering av eldredagen 2022 i Øye samfunnshus

Markering av eldredagen 2022 i Øye samfunnshus

18. oktober 2022
Allsang, dans, latter, servering og god stemning. Det høres ut som ein skikkeleg god feiring av eldredagen 2022!

Kvart einaste år markerer alle kommuner i Noreg eldredagen, og Vang er intet unntak! Her er det Vang eldreråd og Vang pensjonistlag som står for arrangering av den store, viktige dagen. 

I år vart dagen markert ved Øye samfunnshus. Med tettpakka program og storstilt oppmøte, var det ikkje til å unngå at dette vart ei fin markering av eldredagen 2022. 

Gerd Svien Marken opna med å fortelle om årets tema; digital inkludering. Fleire eldre i dag står i fare for å falle utanfor samfunnet om dei ikkje er ein del av den digitale utviklinga. Frivilligsentralen og Vang folkebibliotek har fleire gongar tatt digitalt grep, og arrangert datakafé. No er dei på utkikk etter fleire som kan bidra her og Gerd oppfordra alle som sit på kunnskap og vil bidra - om å ta kontakt på Frivilligsentralen. 

Neste ut på agendaen var Janne Colbjørnsen frå biblioteket. Ho fortalte om eldre og leselyst, og alle moglegheiter som finnes på biblioteket. Ho oppfordra til å bruke biblioteket som ein god møteplass i bygda. I tillegg lagde ho særdeles god stemning i salen med si fengande høgtlesing. 

Bygdas nye folkehelsekoordinator og frisklivsrettleiar var og på plass for å presentere seg og sitt arbeidsfelt. Caroline Marlen Solid Bryntesen er fersk i stillingane sine, men var likevel klokkeklar om at folkehelse er bredt, og favner mykje. Ho fortalte om styrke og balansetrening på Vangsheimen, og oppfordra alle til å huke tak i ho om dei lurte på noko, eller følte at eit tilbod mangla. 

Vang gla´dans var på plass for å løfta stemninga til taket, og tro taktfullt rundt i salen medan dei svinga seg rundt. 

Med mat og kaffeservering, godt krydra av allsang mellom slaga, kan ein oppsummere eldredagen 2022 i Vang som ein veldig fin dag!

 

(Sjå fleire bileter frå eldredagen 2022 lenger ned på sida)