Tyinlam er ei merkevare frå Vang som er aktive både gjennom nettside og Instagram. Denne kvelden deler dei sine erfaringar.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Marknadsføringskveld

Marknadsføringskveld

07. januar 2016

Med enkle grep går du frå å vera usynleg til å vera tilgjengeleg i 2016. Lokale aktørar deler erfaringar og presenterer tenester 20. januar på Vang Folkebibliotek.

– Alle har noko att for å bruke litt tid og kanskje litt ressursar på å syne seg fram. Kongstanken med denne kvelden er å vise at det er lett. Både om ein ynskjer å gjera alt sjølv eller om ein ynskjer å bruke dei lokale ressursane vi har på området, fortel Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Saman med eit knippe lokale aktørar og Frivilligsentralen står Innovangsjon bak marknadsføringskvelden som eit ledd i «Høge Sprang»–prosjektet.

– Kvelden er eigenleg for alle. Det vert tips og triks om drift av facebookside eller Instagram–konto, samt at dei dyktige designarane og fotografane i kommunen får presentere kva dei tilbyr. Henning Wangsnes frå Valdres Natur og Kulturpark er på plass som innleiar for å snakke om kva «Kvalitet frå Valdres» betyr for bedrift og forbrukar, fortel Rogn.

Program

19:00: Velkommen, kort om kvelden ved Innovangsjon/Hallgrim Rogn
19:05: Kvalitet frå Valdres med Henning Wangsnes, kreativ leiar VNK.
19:30: Makalaus Design (Nettsider, profilering, grafisk design o.l)
19:40: Fotograf Christine Stokkebryn (Portett- og bedriftsfoto)
19:50: Ingridesign (Grafisk design, logoar, trykksaker o.l.)
20:00: Kaffi og kaker
20:20: Instagram ved Tyinlam
20:40: Facebook og vangivaldres.no ved Innovangsjon/Hallgrim Rogn
21:00: Slutt

Vel møtt på Vang Folkebibliotek 20. januar 19:00.