Mathilde Anderdal (25) frå Voss er ny beredskapskoordinator i Vang kommune.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mathilde er nytilsatt beredskapskoordinator

Mathilde er nytilsatt beredskapskoordinator

29. januar 2023
Mathilde Anderdal (25) frå Voss er nytilsatt beredskapskoordinator i Vang kommune. No gler ho seg til å dypdykke i planarbeid og jakte høgdemeter med ski på beina!

- Etter fem år i Tromsø og ein master i samfunnssikkerheit, var eg klar for å komme sørover i landet att, og finne ein jobb nærmare heimplassen min på Voss, smiler Mathilde Anderdal, beredskapskoordinator i Vang kommune. 

Og med mange gode minner frå nord og ein master i ryggsekken, gjekk turen nedover i landet, og til slutt vart stoppestaden Vang. 

- Når ein er ferdigutdanna, så lyt ein ofte inn på finn for å sjå om det er nokre relevante og spennande jobbar på marknaden. Og plutseleg dukka denna litt sjeldne og unike moglegheiten opp, seier Anderdal. 

 

Spennande arbeidskvardag 

Anderdal fortel at ho er veldig takksam for at Vang kommune har vore så fremoverlent, og gitt ein nyutdanna moglegheiten til å ta fatt på ein særs spennande arbeidskvardag. 

- For meg er det heilt gull å få slik kompetanse så tidlig i arbeidslivet. I tillegg er det veldig spennande oppgåver eg no skal dykke ned i og få arbeide med, så eg gler meg skikkeleg, smiler beredskapskoordinatoren. 

Ein av dei aller største arbeidsoppgåvene Anderdal skal ta fatt på, er Skutshorn. I fjor vart det kjent at fjellet blir det tiande i Noreg til å bli kontinuerleg overvaka. Eit eventuelt ras frå dette fjellpartiet, vil kunne utløyse ei relativt stor flodbølge, som kan skylle innover Øye og sentrum av Vang. 

Frå kontorpulten sin på kommunehuset kan den nye beredskapskoordinatoren sjå rett over på Skutshorn. 

- Store deler av arbeidet mitt som koordinator, handlar om å lage gode planar for kva me skal gjere i dei eventuelle situasjonane. Sjølve overvakinga av fjellpartiet er det heldigvis NVE som har ansvar for, smiler Anderdal. 

Ho fortel at i arbeidet med å laga planar lyt ho ha eit godt samarbeid med fleire tjenester i Vang, alt frå energiverket, brannvesenet til helsepersonell. 

- Det er og danna ei arbeidsgruppe som eg skal arbeide saman med, slik at me er fleire som arbeider med akkurat dette feltet, forsikrar ho. 

 

Glad i friluftsliv 

Lite overraskande er jenta frå Voss glad i å vera utandørs, og har alltid hatt glede av friluftsliv og vakker natur. I Tromsø fekk ho verkeleg smaken på høge fjelltoppar og unik utsikt, noko ho og håpar å få med seg i Vang. 

- Det er store moglegheiter for å drive med friluftsaktivitetar her! Naturen i Vang er veldig vakker og eg gler meg til å bli bedre kjent både her i bygda, og oppe på fjelltoppane, smiler Anderdal. 

- Eg er relativt godt kjent med Valdres fra før, og har kjørt mykje igjennom. Faren min er frå Hallingdal, så eg har kjennskap til dalføret, legg ho til. 

Og når Mathilde verken dykkar ned i planverk eller har ski på beina - så brukar ho tid på musikk. 

- Eg har vokst opp i ein musikkfamilie, og er glad i å både synge og spele piano. Planen er vel kanskje å bli med i eit kor her i Valdres, det hadde vore kjekt, smiler Anderdal. 

No ser ho fram til å ta fatt på den nye tilværelsen som Vangsgjelding!