397498629 241856168883054 8723383301166010588 N
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mekkeklubben; ein viktig møteplass

Mekkeklubben; ein viktig møteplass

21. november 2023
Mekkeklubben i Lomen har vokst fram som ein viktig og særs inkluderande møteplass for ungdom i Vang og Vestre Slidre.

Av: Ida Nordland Hillestad.

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- Det har lenge vore behov for ein slik type møteplass, og me er veldig glade for at me har fått til eit slik tilbod her, smiler Geir Kongslien, leiar og initiativtaker for Mekkeklubben.

Rett etter påska 2023 starta nemleg Mekkeklubben opp i dei gamle lokale til Lomen Auto. Her er alle aldersgrupper velkomne, men kanskje spesielt ungdom, for å vera sosiale, mekke og skru på diverse motoriserte kjøretøy. 

- Me henta ein del inspirasjon frå Garasjin i Aurdal, då me starta opp Mekkeklubben. Dei har klart å skape ein viktig arena for ungdom, og me ønska å få til noko av det same her. Eg har fått mange verdifulle innspel frå dei, smiler Kongslien. 

 

Ein meiningsfull møteplass for unge 

Mekkeklubben i Lomen er eit initiativ frå kyrkja i Vestre Slidre, med Kongslien i spissen. I tillegg har kommuna både i Vestre Slidre og Vang bevilga midler for oppstart, og leiger lokala i gamle Lomen Auto. 

- Me er veldig takksamme for all positivitet me har møtt i oppstarten og etableringa av Mekkeklubben, både frå kyrkja, kommunane. I tillegg har me fått fleire pengegåver frå blant anna grendelaget, fylket, Valdres motor og bilskade og Valdres Sparebank. Det betyr verkeleg alt, smiler Kongslien. 

- Det bidreg til å lage ein meiningsfull møteplass for dei som kanskje ikkje nødvendigvis likar idrett, eller er med på andre organiserte aktivitetar. Me har mange motorinteressert i Valdres, og det er viktig å legge til rette for at også dei kan drive med hobbyen sin, legg han til. 

Han fortel at det er mange som benytter tilbodet, og kjem innom i løpet av åpningstida. 

- Nokre kjem litt utpå kvelden, medan nokon kjem rett etter skulen. Då pleier vi å ha litt mat klart, smiler Kongslien. 

Mekkeklubben er ope frå 16.00-21.00 kvar måndag, og følgjer skuleåret. Diverse utstyr, verktøy og motoriserte kjøretøy på plass i lokala, og ein treng difor ikkje ta med seg noko for å bli med.

- Her skal det vera låg terskel for å prøve seg fram og ha det gøy! Ein treng heller ikkje vera interessert i mekking for å bli med, det er både biljardbord og moglegheit for å berre vera her og, seier Kongslien. 

 

Frivilligheita står sterkt 

Som mange andre lag og frivillige organisasjoner er også Mekkeklubben tufta på mykje frivillig arbeid. Riktig nok bruker Kongslien noko av arbeidstida si som trusopplærar i kyrkja på tilbodet, men det er likevel behov for folk som er med og drifter. 

- Mekkeklubben er heilt avhengige av frivillige som engasjerer seg. Heldigvis har me allereie mange av dei, og det er me svært takksamme for! Likevel er det alltid plass til fleire som vil vera med, uansett farge og form, seier Kongslien. 

Han fortel at dei også er heldige med at mange av den eldre garde ofte er innom Mekkeklubben.

- Det skaper også veldig fine generasjonsmøter, i tillegg til at dei har mykje kunnskap som er verdifullt for dei unge som er her, smiler Kongslien. 

Om du er interessert i lese meir om Mekkeklubben, eller kanskje vil vera med? Då kan sjå meir på facebooksida ¨Mekkeklubben¨, eller ta kontakt med Geir Kongslien. 

 

 

Sjå fleire bileter frå Mekkeklubben nedanfor.