DSCF8973
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Middagsgjengen på Storplogen

Middagsgjengen på Storplogen

14. mars 2023
Sidan 2016 har frivillige frå Frivilligsentralen servert middag på Storplogen omsorgsboligar kvar sundag. For bebuarane er dette ein dag å sjå fram til - å ete saman gir glede for både dei og dei frivillige.

SKREVET AV: Marte Tangen, Vang Frivilligsentral.

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

6 frivillige rullerer i ein turnus på kvar femte sundag. Nokon har vore med frå start, Leif og Siri-Gro Solemsli vart med i fjor og gjer dette saman. Først hentar dei maten på kjøkenet på Vangsheimen, ferdig porsjonspakka og tilpassa eventuelle diettar og allergiar. I dag er det Jurgita Marciulaitiene som har tilberedt maten. Når dei frivillige kjem opp på Storplogen, sit bebuarane klare i stua. - Dette er den likaste dagen i veka, er dei alle samstemte om. - Det er så triveleg å ete saman, ein får mykje betre matlyst då, veit du. 


Ei avveksling frå den daglege rutinen

Leif og Siri-Gro dekker på og gjer alt klart rundt spisebordet. Bebuarane er tydelege på at dei set pris på dei frivillige som kjem og serverer og et saman med dei. - Det er heilt fantastisk. Dei er like trivelege alle saman, vi ser alltid fram til denne middagen. 

Nokon har vore her kort tid, nokon i fleire år. Når alt er klart blir dei ropt til bords, og servert laks med grønsaker og potet. Dei frivillige et saman med bebuarane, som skryter av maten. - Du som er kokk Leif, var ikkje dette godt?  

Nokon treng ein ekstra dytt for å ta del i fellesskapet. Ein av bebuarane sit ofte på rommet sitt, men når Leif bankar på og spør om han ikkje vil bli med, så kjem han også. Dei et med god appetitt, og praten går om laust og fast. Om Ukrainakrigen, om helsa, om songoppdrag og yogatriks, ski-VM og nasjonalsongen som vart spelt alt for fort. Alle er friske, - ja forkjølelse bit ikkje på slike som oss, humrar dei. Det er god stemning og kvikke kommentarar rundt bordet. 


Bollar på tredje dagen

Det er litt ekstra stas i dag som det er fastelavenssundag. Nokon av bebuarane har vore med og laga fastelavensris som står til pynt, og i korga si har Siri-Gro alt som skal til for å servere fastelavensbollar. - Ja det er tredje dag på rad med bollar her no, så det er berre velstand, kan bebuarane fortelje. Jordbær får dei også, no midt på vinteren, tenk det. Siri-Gro må hente kniv og gaffel, for dei var nok litt harde. - Eg berre tek den i klypa eg, seier ei. Nils vil ha ein bolle til, alle får så mykje dei orkar. 

For Siri-Gro vart engasjementet for å bidra for dei eldre vekt då hennar eigne foreldre kom på sjukeheim. - Eg såg kor mykje det betydde at det var nokon andre innom iblant, at dei får litt avveksling frå den daglege rutinen. Leif fortel at dette er like trivelege for dei som det er for bebuarane. - Vi har det rett og slett hyggeleg saman. Og for oss som bur så nært, så kostar det jo så lite å stille opp. 


Fager kveldssol smiler

Leif er einaste mann i middagsgjengen. - Ja det synest eg er litt urettferdig for Nils her, at han ikkje får fleire karar på besøk! seier Leif. Nils berre ler, og kvitterer med at han tar til takke med det han får. Men det er tydeleg at det er fint for fleire av bebuarane at det også er menn blant dei frivillige som er innom. 

Men einaste mannlege frivillige er Leif ikkje likevel, for desse to har ofte med seg Allistair Peters også. Han speler piano, og så syng dei saman etter måltidet. ‘Mellom bakkar og berg’, ‘Dei gamle fjell i syningom’. Leif vil helst rydde og ikkje synge. 

Saman med fleire andre har Siri-Gro og Allistair sangstund også nede på Vangsheimen ein gong i månaden. Og så er det dagsenter 2 dagar i veka, då etbebuarane også saman, og har aktivitetar saman med nokon av dei tilsette. 

Ei ønsker seg ‘Fager kveldssol smiler’. - Eg er ikkje så flink til å synge, men du er god å synge saman med Siri-Gro! Etterpå er det fleire som er litt rørt. Dei er einige om at song bringar fram mange minne, det gjer noko med deg å synge saman med andre. - Ja eg óg synest det er koseleg å synge, men det er verst for dei som høyrer på, humrar Nils. 

 

Faktaboks

  • Frivillige rullerer på å servere middag på Storplogen omsorgsbolig kvar sundag.
  • Maten blir tilberedt av kokkane på Vangsheimen. Dei frivillige et også saman med bebuarane, og ryddar kjøkenet etterpå.
  • Tilbodet er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen og Vangsheimen. Ønskjer du å bli frivillig? Kontakt frivilligsentralen@vang.kommune.no