036.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mønstringskonsert

To kulutrelle fredagar

23. mars 2015

 

Mønstringskonsert den eine fredagen og basar den andre – det skjer mykje i kulturlivet her i Vang no i mars. 

– Det har vore to flotte fredagar i song– og musikklivet i Vang, fortel kulturskulerektor Oddbjørn Skeie. Han fortel vidare: 

Fredag 13.mars i Høre hadde Vang musikkråd sin årlege mønstringskonsert. Arrangør i år var Fjellblom musikklag og Høre mannskor. Nok ein gong så var det mykje bra innslag, og folk kosa seg frå fyrste til siste innslag.

Moro var det og att i år vart Gunnar Baden heidra med ei gåve frå Vang kommune, fordi han over mange år har dirigert Vang sanglag og Høre mannskor. Han hadde i år ei gjesterolle som dirigent i vårt blandakor i Vang.

Elles så kan og nemnast at Jørgen Andrisson Kvam hadde ei avdeling med munnharpe og hardingfele. Han er i år nominert som Vang kulturskule sin kandidat til drømmestipendet 2015.

Fredag 20.mars var det basar for Vang skule og ungdomskorps på VBU. Mange flotte premiar og fin musikk av skulekorpset og Fjellblom musikklag dirigert Marit Karin Einang (skulekorpset) og Siri Gro Solemsli (Fjellblom musikklag).

Foto: Guro Råheim Kvam og Oddbjørn Skeie.