Iren Vengel Remmen startar opp bruktbutikken Mormors skatter i Ryfoss sentrum,
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mormors skatter opnar laurdag

Mormors skatter opnar laurdag

26. februar 2021

- Alt som er her er skattar for nokon, og målet mitt her er å dele glede og gode minner med andre, fortel Iren Vengel Remmen.


Laurdag 27. februar klokka 12 opnar ho altså bruktbutikken Mormors skatter i den gamle frisørsalongen i Ryfoss. Bygdesentrumet har med det både frisør, treningssenter, kafe, nærbutikk, bensinstasjon og bruktbutikk.



– Kaffien og kake får du hjå Sara, mens hit kan ein koma for å sjå, prate og sjølvsagt også handle om ein vil det, seier Remmen.

Det er maks åtte i butikken til same tid no i starten grunna smittervernhensyn.

Ope tre dagar i veka

Etter opning laurdag og sundag 12-18 denne helga er det lagt opp til opning tysdag, torsdag og laurdag frå 12-16 i vekene som kjem.

– Vi får sjå det litt an framover. Det kjem på plass ei symaskin etter kvart og det kan verta ein levande plass for både brukte ting, brukskunst og gjenbruk, fortel Remmen.

Det er også planer om loppemarknad til inntekt for Barnekreftforeningen eit par gonger i året, og både innsamling, lagring og sal av gjenstandar vert sett i system etter kvart.

– Så langt har det vore ei positiv oppleving å starte opp butikken der mange har engasjert seg og bidrege med råd og hjelp. Særleg har Inger Hovengen vore til enorm hjelp, og nokre av bileta hennes får plass på veggen til opninga, fortel Remmen.

Mormors skatter finn du i Ryfoss sentrum på adresse Ryfossvegen 93. Butikken har eigen Facebookside. Du kjem i direkte kontakt med Iren via e-post: remmeniren@gmail.com.