IMG 4749
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mosjon og aktivitet i Jotunheimen IL

Mosjon og aktivitet i Jotunheimen IL

06. november 2023
Jotunheimen IL er eit lite, men viktig idrettslag for dei som bur i Øye. Dei har varierte aktivitetar både for vaksne og barn!

AV: Ida Nordland Hillestad. 

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- Idrettslaget har lange røtter og vart stifta i 1927! Det er eit lite, men viktig idrettslag for bygda, smiler Kristoffer Ommundsen, leiar for Jotunheimen IL. 

Han fortel at idrettslaget har ligget brakk nokre år, men at det vart revitalisert for omlag 3 år sidan. No driv dei aktivitetar som sirkeltrening, innebandy og allidrett for barn i Øye skule/samfunnshus, medan revmatismebading held til på VBU. I tillegg har dei ballbinge og løysløype i Øvre dalen ved det gamle skolehuset som tidlegare har fungert som klubbhus.

- Vi har ca. 60 medlemmar i idrettslaget. Det kreves ingen forkunnskaper eller spesielt utstyr for å delta på våre aktivitetar, me har både innebandykøller og treningsmatter til utlån. Det eneste du treng å ta med er godt humør, seier Ommundsen. 

 

Eit samlingspunkt for vaksne og barn 

Ommundsen fortel at han synes det er kjekt å engasjere seg i idrettslaget, og at det er viktig for grenda med aktivitet i Øye.

- Fysisk aktivitet for barn og vaksne er supert! Det er sosialt å delta på aktivitetar og ein kjem seg ut, smiler han. 

- Me treng engasjerte folk frå bygda som kan bidra på aktivitetar og i styret, så om du har lyst til å vera med som frivillig eller på aktivitetar, må du berre ta kontakt eller møte opp på ein av aktivitetene våre, seier Ommundsen. 

Han fortel at ein finn meir informasjon om idrettslaget og dei ulike aktivitetene anten på Jotunheimen IL sin Facebook-side eller på kalenderen til vangivaldres.no. 

 

Sirkeltrening for alle 

Sirkeltreninga i Øye foregår kvar torsdag frå 20.00-21.00 og er eit lågterskeltilbod til alle som vil vera med. initiativtakere for treninga er Helene Hauge og Anne Synnøve Lunde, dei påpeker at dette er trening som passer for alle og at ein kan tilpasse øvelsene. 

- Treninga er delt opp i ulike stasjoner, men ein øvelse på kvar stasjon. Øvelsene er mogleg å tilpasse til nivå, og det blir så tungt som du sjølv ynskjer, smiler Lunde. 

Ho fortel at dei pleier å varme opp med lett jogg rundt i gymsalen, med innspill av ulike øvelser undervegs. Når oppvarminga er ferdig byrjer sirkeltreninga, og ein jobber i 30 sekunder av gongen. 

- Her er det ope for alle som vil vera med. Alle er velkomne til å bli med oss på trening, smiler Hauge. 

Du finn meir informasjon om sirkeltreninga i Øye på Facebook-sida her

 

Sjå eit knippe bileter frå sirkeltreninga i Øye nedanfor.