64BFBF76 9431 4BD7 930D 033EC2536150
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Musikkglede med skulekorpset

Musikkglede med skulekorpset

22. mars 2022
Musikkglede og mestringsfølelse står øvst på lista til Vang skule - og ungdomskorps.

SKREVET AV: Ida Nordland Hillestad, Innovangsjon.

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- Å sjå at barna utvikler seg og bli gode til å spele på instrumentet sitt, samstundes som dei har det artig, er nok den største grunnen til at eg synes det er fint å vera dirigent, seier Marit Karin Einang, dirigent for Vang skule - og barnekorps. 

På tross av at det kun er tre stødige og trufaste medlemmar i skulekorpset akkurat no, blomstrar gleden ved å spele og bli betre saman. For det er det som er sjølve bærebjelken i eit korps. Det er ikkje noko meg og deg. Det er ikkje mitt og ditt instrument. Det er oss alle, saman. 

- Felleskapet ein skaper ved å spele saman, det å få til toner og musikk i lag, det er utruleg flott med korps. Alle har sin unike plass og er like viktige for at alt skal fungere, seier Einang. 

 

Engasjerte i å skape musikkglede 

Saman med dirigent Marit Karin er også medhjelper og god spelevenn, Tone Lajord. Ho har vore engasjert i korpsmusikk heile livet, og brenn for at både barn og voksne skal kjenne glede gjennom musikk. 

- Me ynskjer at skulekorpset skal vera ein aktivitet alle skal ha moglegheit til å delta på, og alle skal få finne sin plass. Det koster difor ikkje meir enn 150 kr i halvåret, nettopp som eit lavterskel tilbod, seier Lajord. 

Ho fortel at en får alt ein treng av utstyr og uniform av korpset, og du treng ingen forkunnskap for å bli med i skolekorpset. 

- I 3. klasse har dei no korps som eige fag, for at det skal lære seg å spele eit instrument. Difor kan mange allereie mykje når dei startar opp her i skulekorpset i 4. klasse, seier Einang. 

- I tillegg lærer ein mykje grunnleggjande ferdigheter når ein speler i korps, både noter, matematikk, takt og rytmefølelse. Samstundes lærer ein seg å bli trygg på eigne ferdigheter og det å spele foran andre, legg ho til. 

Einang seier at dei absolutt kunne hatt bruk for fleire frivillige som kunne vera støttespelarar for barna i korpset. Det er viktig å kjenne på følelsen av å spele saman med fleire. 

- Så ynskjer me oss sjølvsagt fleire barn til å spele i skulekorpset. Alle likar musikk, men nokon må jo lage den, smiler ho. 

 

Artig med eige instrument 

Med i korpset er blant anna Alina (10) og Hanne (9). Begge har vore med i eitt år og synes det er stas å heile tiden bli betre til å spele. 

- Jeg synes det er kjempekult å faktisk ha et eget instrument som jeg kan spille på. I tillegg så er det gøy at me kan komme på øving og lære nye ting, sier Alina. 

Ho fortel at ho fyrst oppdaga speleglede og korps ved å ha det som fag på skulen. Då var ho bitt av basillen og ynskja å fortsette i skolekorpset. 

- Det er fint at vi har lært mykje frå før på skulen, dår blir det litt lettare å følgje med her. Samstundes er det jo gøy at ein kan lage musikk ved å spele sjølv, smiler Hanne. 

- Det krever litt øving heime, det er ikkje alltid så gøy, men det er jo slik ein blir betre, legg ho til.

Deltakarane i skulekorpset har også moglegheit til å vera med på sumarskule i Vestre Slidre. Her får dei lære å spele med andre på sin alder, vera sosiale og dyrke korpsgleden!

 

Vang skule - og barnekorps har øvingar kvar måndag frå 17.30-18.30. 

 

Sjå fleire bileter av skulekorpset lengre ned på sida.