Nyheit

«My home country» opna laurdag på Vang folkebibliotek

  Nyheitsarkiv
10. mai 2016
Bebuarkunst

Boblar i høga glas og norske og arabiske kanapear høyrde med når kunstgruppa ved Vang mottakssenter opna utstillinga 'My home country' på Vang folkebibliotek sist laurdag. Fleire av bebuarane og om lag 30 andre sambygdingar trossa finveret og tok turen inn for å sjå dei flotte maleria og teikningane.

Utstillinga spenner vidt, frå store dyremaleri og tradisjonelle afrikanske eller arabiske motiv, til politiske og samfunnskritiske emner. Fleire viser til krigen i Syria, men også til gode minner frå heimlandet før krigen braut ut.

Syriske Rasja er ei av dei mest produktive i årets utstilling, og har fleire fargesterke bilete med i samlinga. Ei dansande kvinne omslutta av friske blomar i pastellfargar symboliserer det frie livet i Norge. Eit anna meir abstrakt bilete går frå lyse farger og blomer på den eine sida mot mørkare tonar på den andre. Ho forklarer at det symboliserer utviklinga i Syria, frå det var eit fritt og godt liv, via den første fasen der problema starte, til krig og no eit øydelagt land der det berre er død att. Det er sterkt å sjå situasjonen vi kjenner frå nyheitsbilete presentert av ei som har opplevd den vonde utviklinga på kroppen.

Bereket er leiar av bebuarrådet ved mottaket, og har også malt fleire bilete til utstillinga. Eit viser to løver med svarte manker. "Dette er etiopiske løver" seier han, "dei har alltid dette late uttrykket, dei er så late, ligg berre og kosar seg medan det er damene som jaktar mat."

Erik Nimmo er miljøarbeidar ved mottaket og sjef for kunstgruppa. Han har hatt ansvaret for å få utstillinga på plass, og rosar dei engasjerte kunstnarane. "I år har vi for første gang med to kvinner, og det er flere som har viste interesse. Det gir større spennvidde i materialet og er en veldig positiv utvikling i prosjektet" seier han.

Utstillinga heng fram til 20. juni, velkomne innom i biblioteket si opningstid for ein titt.