DSCF9886
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nasjonalromantikk og kameratskap i Høre mannskor

Nasjonalromantikk og kameratskap i Høre mannskor

12. september 2023
Rustne veteranar. Eit par unge stemmer. Ei god dose nasjonalromantikk, samhald, avkobling, kameratskap. Finstemt og medrivande. Det er Høre mannskor!

AV: Marte Tangen, Vang Frivilligsentral. 

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

15 karar står i ein halvsirkel på Høre samfunnshus og syng av fulle lungers kraft. Dei syng folketonar, filmmusikk, og ymse anna, men dei er nok mest kjent for sine nasjonalromantiske konsertar- Ein må nok ha ei litt nasjonalromantisk legning for å trivast her, skjemtar Jon Eggen.

Med nokre få unntak er dei fleste grå i håret. Tormod Kongslien har vore med lengst - og han er like gamal som koret sjølv - 80 år. Då han nyleg hadde bursdag kom heile koret på døra. 
- Eg visste ingen ting! fortel Tormod. 
- Det var grepa moro. 
- Ja vi høyrte nyss om at det var konjakk å få, flirer barnebarnet Håvard Rogn Tveit. Han er yngstemann i koret, og seier han vart ‘lurt med på ei øving for 7 år sidan’. 
- Sidan har eg blitt. 

 

Kaker og politikk

Det er for tida 20 aktive songarar i koret. Det er eigentleg Silje Helland som dirigerer, men i dag vikarierer nyslått leiar i koret, Oddbjørn Skeie, som dirigent. Med stort engasjement loser han koret gjennom sangane dei skal øve på. Kvifor han engasjerer seg i koret er ikkje så lett å sette ord på.
-  Ein må ha stått og sunge i eit mannskor for å forstå kvifor det er så kjekt, smiler Oddbjørn.

Når pausa kjem er det fram med kakeboksen. I dag er det Ola Bøland som har ansvar for bevertninga. 
- Det blir litt baking på kjæringane våre, flirer karane. Knut Hålien fortel at det sosiale er viktig, og viktigare jo eldre ein blir. Dei dreg på turar saman, har vore i Budapest, og hatt eit samarbeid med Nidaros guttekor. Kan hende går neste tur til Island? På turane får konene også vere med 
- Vi må ha med support! seier karane.

Knut har vore ordførar, og han er ikkje den einaste av dei tidlegare ordførarane i Vang som har sunge i mannskoret. Her er det også fleir kommunestyremedlemmar og andre med eit tydeleg samfunnsengasjement. Kanskje det er her dei eigentlege diskusjonane foregår? 
- Nei vi pratar ikkje politikk på øving, bles Knut, 
- det blir berre tull. 

 

Støtt mellom veteranar

Mannskoret ønskjer seg nye medlemmar, dei diskuterer om dei kjenner til nokon nye potensielle kandidatar. Nokon gonger har dei troppa opp på døra hos tilflyttarar for å rekruttere. 
- Geir Kongslien har vore flink med oppsøkande verksemd, flirer dei.

Kva trengst så for å bli med? Eit ønske om å synge, og evna til å lytte. 
- Nye medlemmar blir plassert mellom veteranane, då lærer dei fort, fortel ein av karane. 

Å synge saman gjer godt for helsa, det er dei einige om. Dei byttar repertoar ofte, og alle kan kome med forslag. Carl Philip Weisser trekker fram at songane frå nasjonalromantikken ofte har veldig fine tekstar. 
- Vi gjer ein innsats for å halde tradisjonen ved like, fortel han. 

Til hausten fyller koret 80 år. Planane for jubileet er ikkje heilt spikra, men siste tysdag i november skal det feirast. 80-åringen Tormod har ikkje tenkt å gi seg med det første. 
- Sjølv om stemma er litt rusten så er det ingen problem å fortsette. Det er så kjekke folk å vere saman med, så eg blir så lenge eg klarar!

 

Faktaboks:

  • Høre mannskor er eit kor med variert repertoar for sangglade menn i alle aldrar
  • For tida er det gratis å vere medlem
  • Øvingar i Høre samfunnshus tysdagar kl 19.30 (oktober-mai)
  • Kontaktperson: Oddbjørn Skeie, tlf 95076539
  • Facebookside: https://www.facebook.com/mannskorivang