Vandring i Kvamskleiva. Foto: Sverre Hjørnevik
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nesten 30 000 passeringar på Kongevegen

Nesten 30 000 passeringar på Kongevegen

05. november 2019


På knappe fire månadar (juli – oktober) har dei nye teljarane på Kongevegen over Filefjell registrert nesten 30 000 passeringar. Det fører Kongevegen opp blant dei store vandredestinasjonane i Norge.

- Dette er jo voldsomt! Me har lenge hatt mistanke om at Kongevegen er ein populær vandredestinasjon. No får me stadfesta det via dei nye teljeapparata, jublar kongevegsjef Odd Helge Brugrand i bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell.

I sommar monterte Kongevegen opp sju teljesensorarar etter at formannskapa i Vang og Lærdal vedtok å kjøpe dei inn. 1. juli vart fire sensorarar montert i Lærdal. 8. august vart tre sensorar sett i drift i Vang.

Sjølv om halve sesongen i Lærdal og nesten heile sesongen i Vang ikkje kom med, viser teljarane til saman 29 186 passeringar frå 1. juli til slutten av oktober.

-Dette trass i at me har hatt nokre oppstartsproblem. Systemet har sine avgrensingar. Og nokre passeringar blir telt dobbelt. Likevel bør tala sjåast på som minimumstal. Dei viser kva potensiale som ligg i den vakre, gamle vegen vår, seier Brugrand.

Vindhella populær

Ikkje uventa er Vindhellaskaret i Lærdal best besøkt. Her vart det registrert 4 600 passeringar berre i juli. I august passerte 3 369 forbi sensorane.
- Observasjonar me har gjort syner at om lag ein tredjedel av vandrarane i Vindhellaskaret snur før dei passerar teljesensorane. Dette er turistar som parkerar i Rimskjold. Difor er trafikken i Vindhella nærare 6 000 berre i juli, seier Brugrand.

Nest mest trafikkert er Maristova-Kyrkjestølen med 3 050 passeringar i juli og 1 049 i august.

I Vang er det registrert flest passeringar ved Sulebrui nær Kyrkjestølen, med 1 327 passeringar i august og 1 661 passeringar i september og oktober. Delstrekninga Øye-Tyinkrysset hadde 1 267 i september og oktober.

-På delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova tel me trafikk på begge sider av fjellet. Og sensorane registrerer i kva retning folk går. Slik får vi vite det eksakte talet på vandrarar som er inne på delstrekninga, ikkje berre passeringar. Og slik veit vi at like under 2 000 menneske har opplevd den storslåtte fjellstrekninga berre no i haust, seier Brugrand.

Store på nett

Det er ikkje berre fysisk ute på den historiske vegen at Kongevegen-systemet opplever gode tal. På sosiale media og på nettsida  er tala formidable.

-12 600 menneske følger oss på Facebook. Kvar einaste post me legg ut kan bli sett av mellom 8 000 og 17 000 personar. Det merkar me også på mengda av tilbakemeldingar frå publikum. På Instagram fekk me hand om kontoen 1. august. Den veks raskt. No følger meir enn 1100 personar oss der, fortel Brugrand.

Samstundes har nettsida hatt mellom 250 til 650 unike brukarar kvar dag sidan i vår. 

-Det er svært bra med tanke på at det er ei infoside. Det spesielle er at utlendingar brukar sida meir. USA er ofte tredje mest besøkande land på sida, etter Norge og Sverige, sier Brugrand.

Viktig for regionane

Kongevegen over Filefjell er mellom dei fremste veghistoriske kulturminna i Europa. I 2017 fekk vegen EU-kommisjonen sin Europa Nostra-pris, som det første veghistoriske kulturminnet nokon gong.

Brugrand seier det er mykje positivitet i bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell om dagen.

-Det er mykje guts. Snart er me 30 verksemder som dreg i samme retning. Fleire vil investere. Og me sel turpakker der folk kan gå frå stad til stad medan me fraktar bagasjen. Om lag 90 prosent av reiselivet i Vang og Lærdal er no med oss.

Han er oppteken av overrislingseffekten trafikken på Kongevegen har for bygdene.

-Tal passeringar på Kongevegen overgår tala vi har på overnatting og pakkesal i nettverket. Dette betyr at marknadsføringa som nettverket gjer dreg langt fleire folk til bygdene våre enn nettverket sitt att med sjølv. Dette tener alle som driv næring i Valdres og Indre Sogn på.