- Sterk og stødig er treningsgrupper med fall-forebyggande trening for heimebuande seniorar over 65 år, seier frisklivsrettleiar Caroline Marlen Solie Bryntesen.
Ho og fysioterapeut Karina Nyborg er no på utkikk etter frivillige instruktøtar til å halde desse Sterk og Stødig- timane i Vang. Timen varer i 60 minutt og inneheld ei rekke øvingar innanfor styrke, balanse og kondisjon.
- Som instruktør treng du ikkje ha noko treningsbakgrunn eller erfaring frå gruppetimar, ei heller treng du vera over 65 for å halde treninga. Men ein lyt ha moglegheit til å ha gruppetimen på dagtid, smiler Nyborg.
Caroline og Karina vil halde opplæringskurs for dei frivillige, før dei byrjer med gruppetreninga.
- Det vil bli lite kurs i forkant, slik at ein lærer opplegget og føler seg klar for å halde trening. Me har eit håp og mål om å få fire frivillige instruktører klare til våren, seier Solie Bryntesen.
- På sikt ønskjer me også å få til ein gruppe i kvar grend, slik at folk slipp å reise så langt. Men, enn så lenge startar me opp på Vangsheimen med fast trening der, legg ho til.
Vil du bli instruktør?
Synes du det høres spennande ut å vera instruktør for ei Sterk og Stødig-gruppe, eller kar du kanskje lyst til å vite endå meir? Då kan du ta kontakt med;
Frisklivsrettleiar Caroline Marlen Solie Bryntesen på Caroline.Marlen.Solie.Bryntesen@vang.kommune.no // 91127549
Fysioterapeut Karina Nyborg på Karina.Nyborg@vang.kommune.no // 41508963