Leiar ved barnehagen i Øye, Anette Havellen Gurigard, står i spissen for den fyrste «Øyefestivalen».
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny festival

Ny festival i Vang

08. juni 2015

 

Med Ragnhild Hemsing på toppen av festivalplakaten inviterer barnehagen i Øye til den aller fyrste «Øyefestivalen» tysdag 16. juni klokka 17:00. Alle inntektene går til «Barnekreftforeningen».

– Vi har vore i kontakt med mange store artistar. Alle har vore positive og svara oss. Og det at Ragnhild Hemsing hadde høve til å koma er stort. Ein internasjonal artist på vår første festival lyt vera bra, fortel leiar i Øye barnehage, Anette Havellen Gurigard.

Støtter Barnekreftforeningen

Med positive artistar og gode sponsorar i næringslivet har festivalen fått på plass både plakatar, musikk, scenedekorasjon og mykje anna, utan att dei har brukt ei einaste krone.

– Inngangsbillettane og overskotet frå kiosksalet kjem difor uavkorta til Barnekreftforeningen. Det at vi samlar pengar til ungar som ikkje har det like bra som oss tykkjer ungane i barnehagen er motiverande, fortel Gurigard.

Festivalen startar tysdag 16. juni klokka 17:00 i Øye Barnehage. Det vert utescene, kiosksal og ei variert artist-rekkje:

  • Ragnhild Hemsing – fiolin.
  • Simon Havro – fele.
  • Emilie Hermundstad – fele.
  • Barnekoret i Vang.
  • Øye barnehage syng «Øye supersong».
  • Tom Kjetil Tørstad - torader
  • Vilde Leirhol og Ole Høyme Einang - gitar og song.
  • Oddbjørn Skeie og Tron Kittelsen – jazz.

I tillegg kjem ordførar Vidar Eltun for å opne festivalen, mens skule– og kultursjef Jon Eggen skal avslutte. Billettar (100 kr) kan kjøpast på kommunehuset og i barnehagen på førehand. Eller i døra på festivaldagen.

Mykje læring

Ideen til Øyefestvialen kom opp mens «Øyafestivalen» vart arrangert i Oslo i august. Det var planleggingsdag i barnehagen og ideen om ein eigen Øyefestival vart lansert.


– Etter det let vi det ligge nokre månader, før vi tok tak i ideen. Snart vart fleire og fleire engasjert og vi bestemte oss for å køyre på med festival, fortel Gurigard.


Alt av opplæringsmål for barnehagen kan knyttast opp mot festivalen. Ungane har vore med på alt frå planlegging og plakatmekking til at dei har spelt inn ein eigen song i «Lydsmia» på Beitostølen.

– Det er litt skummelt med festival, men både vi tilsette og ungane gleder oss mykje! I tillegg har alle lært utruleg mykje. No ser langtidsvarslet høveleg bra ut, noko som er med på å roe nervane litt, fortel Gurigard.