Nyheit

Ny tilbydar av opplevingar

  Nyheitsarkiv
22. jul 2015
«Berg aktiviteter»

Lagbygging, femkamp, lågterskelaktivitetar og fjellføringar er kva «Berg aktiviteter», den nye aktivitetsbedrifta i Vang tilbyr.

– Bedrifter, turistar og utdrikningslag er hovudmålgruppene vår, fortel Rene Berg.

Saman med resten av familien driv han både det nye firmaet og Bøflaten camping. På programmet til aktivitetsbedrifta står alt frå samarbeids-trening for bedrifter og uhøgtideleg femkamp, til fjellføringar til Uranostinden og Falketind.

– Eg byrja så smått i fjor med litt aktivitetar etter at ein familie her i bygda tok kontakt og lurte på om eg ikkje kunne organisere aktivitet under laget deira. Etter det har responsen vore såpass god at vi no har starta eige firma, fortel Berg.

Mykje av aktiviteten er knytt opp til campingplassen.

– Her har vi bruskasseklatring, klatrevegg, sykkelutleige og kanoutleige. Vi bruker også elva til ein del vassaktivitet. Med våtdrakt, hjelm, redningsvest og ein brukt bilslange vert elva til ei artig utfordring for absolutt alle, smilar Berg.

For å kunne tilby matservering saman med aktiviteten samarbeidar han godt med Mjøsvang cafe.

Sjekk tilbodet på heimesidene til Bøflaten camping.