Gruppearbeid, entreprenørspill og ei grovskisse over hva de skal gjennom denne våren stod på programmet fredag.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny runde med elevbedrift i Vang

Ny runde med elevbedrift i Vang

22. januar 2021

Andre runde med elevbedrift vart blåst i gang fredag og niandeklassingane i Vang skal bruke vinteren og våren på å starte og drifte si fyrste bedrift.
 
– Kort fortalt handlar entreprenørskap om å ikkje berre irritere seg over alt som ikkje fungerar, men å faktisk gjera noe med det og kanskje fikse problemet, forklarte  Inger Toril Holte Breien frå stiftinga Ungt entreprenørskap i Innlandet. 



I praksis betyr det å sette saman eit godt lag som kan utvikle ein ide frå skissestadiet til drift og avvikling av elevbedrift i løpet av halvåret.

– Her er det berre å ta utgangspunkt i noko dykk er opptekne av og sjå om det kan verta bedrift. Ei elevbedrift kan ikkje gå konkurs på same måten som vanlege bedrifter. så her er det høve for å lære og leike seg litt på vegen, oppmoda Breien. 


I løpet av fredagen vart det både problemløysing i grupper og ein kjapp gjennomgang av innhaldet i entreprenørskapstimane ut over vinteren.

Det er lærarar ved skulen som rettleiar elevane i lag med Ungt entprerenørskap Innlandet denne vinteren, samstundes som både lokalt næringsliv og Innovangsjon bidreg til at opplegget får ein tydeleg Vangs-vri.