Alexander Haugelien (31) frå Hakadal utanfor Oslo har kjøpt seg hus i Vang og vil satse på musikk og serieskaping.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang: Alexander (31) er teikneserieskapar og musikar

Nye i Vang: Alexander (31) er teikneserieskapar og musikar

24. august 2020

Alexander flytta frå Oslo til Vang for å kunne konsentrere seg om musikk og serieskaping.

– Det var litt tilfeldig at eg endte opp i Vang, men kanskje ikkje heilt. Fjella tiltrekk meg og eg trivst godt ute på tur. Samstundes var huset akkurat det eg såg etter, fortel Alexander Haugelien (31). 

Han bytta ut 18 kvadrat rett ved Slottet med einebustad langs Tyinvegen ved skulen i Vang sentrum. 

– Kjærasten var ikkje heilt nøgd med at eg stakk frå byen, men ho trivst godt når ho er oppover og set meir og meir pris på det. Førre gangen ho var oppover gjekk vi får huset og opp til Grindane. Det vart kanskje litt vel langt, vi kjente det godt i beina etterpå i alle fall. 

Kunsten i fokus

Alexander er oppvaksen i Hakadal i Nittedal og har budd dei siste åra i Oslo. 

– Der har eg jobba mykje i byggebransjen, samstundes har eg heile vegen helde på med musikk og serieskaping ved sidan av. No er målet å vie mesteparten av tida til dette for ei stund og sjå om det er mogleg å få til eit levebrød av det.

Han spelar i fleire band og har gjeve ut tidlegare teikneseriar i eigen regi. No er målet både å bidra til det lokale kulturlivet og å få napp hjå eit av teikneserieforlaga.

– Eg er meir glad i å skape enn å selje så det hadde vore gull å koma seg på forlag. Ideane er klare, så får vi sjå kva det endar med.

Heftig gravemaskinredning

Huset ved skulen er i god stand med nytt bad og relativt nytt kjøkken, mens kjellaren har vorte heilt tørr etter ei runde med drenering. 

– Saman med fattern grov vi ut rundt grunnmuren på forsommaren. Så er det litt trangt mellom garasjen og huset og gravaren endte med å legge seg ned i grøfta. Det vart heisekran og stengt europaveg ein times tid, for å redde ho opp att, så det var ikkje heilt heldig, fortel Alexander.

Same kva, no er trommesesttet på plass i eit av romma i kjellaren, mens det er planar for fleire av dei andre.