Som fersk fysioterapaut i Vang er Åsmund Lindvik Råbøl (32) godt nøgd med både arbeidsmiljø og aktivitetstilbod.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang: Åsmund er fjellglad fysioterapaut

Nye i Vang: Åsmund er fjellglad fysioterapaut

12. februar 2021

Ein ledig jobb og eit godt inntrykk av bygda tok Åsmund Lindvik Råbøl (32) ut av Oslo og opp til Vang.



– Eg har vore ein del år i Oslo no og kjende på eit ynskje om å prøve noko nytt. Då eg fekk denne jobben var det ikkje tvil. Eg såg for meg flotte fjell og stabil vinter, og med flyttedato 1. januar kan du seie eg har fått rikeleg av båe delar, fortel Åsmund Lindvik Råbøl.


Han er opphavleg frå Lillehammer og har stort sett jobba i Oslo dei siste åra. Frå fyrste januar var han på plass i vikariat som fysioterapaut i Vang.

– Det er kort veg opp til legekontoret og generelt godt samarbeid og miljø på bygget. Når så lokala er flotte og jobben interessant har dette vore ein god start, fortel han.

Nedstenginga etter jul brukte han til å flytte inn i leilegheita i Lundsmarka, skaffe ved og ellers komme seg på plass. No er han i gang med litt meir normalt, og temmeleg aktivt, kvardagsliv.

– Klatreklubben har eit godt tilbod, og så er det bra trøkk på fotballøktene i Vangshallen onsdagane. Det er litt seigt å koma seg ut på ski i denne kulden, men det har då vorte nokre turar både på rando og langrenn dei siste vekene.

Tidlegare har Åsmund vore i Vang under Vinjerock nokre gonger der han har lagt inn fast pølse-stopp hjå Vang Auto-Service på veg ned att. Han har også vore på Tveit og spelt fotballkampar i åra han budde på Lillehammer.

– Eg har jo merka at det ligg særs godt til rette for mange av dei aktivitetane eg likar å drive med her. Så langt står inntrykket til forventningane. Og vel så det.