Fullsizeoutput 175F
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang: Bertine Fretheim Neverdal (32)

Nye i Vang: Bertine Fretheim Neverdal (32)

07. november 2021
Bertine Fretheim Neverdal (32) kom rett frå trenarjobb i toppidretten og inn i rolla som leiar for læringssenteret i Vang. No byttar ho ut idrettshall og teknikkterping - til fordel for skiløyper og nye utfordringar!

- Eg har verkeleg bytta beite, dette er heilt nytt for meg, ler Bertine Fretheim Neverdal (32). 

Og det er det verkeleg! Bertine har nemleg vore aktiv handballtrenar for NTG Tromsø i fleire år, levd eit hektisk og idrettsfokusert liv med lite tid til anna enn teknikktrening, terping og konkurranseinnstinkt. 

Livet fekk plutseleg ei brå vending for den idrettsglade og engasjerte trenaren, då ho for litt over eitt år sidan vart sjuk av koronaviruset. 

- Eg var nødt til å trappe ned arbeid, tenke meir på meg sjølv, og rett og slett gire litt ned. Etter kvart innsåg eg at livet kanskje omfattar meir enn berre idrett, seier Fretheim Neverdal. 

 

Nærmare familien

Ettersom familien til Bertine er busatt både i Vang, Årdal og Sogndal var det difor naturleg for å søkje jobb lenger sør i landet og få tilbake kvilepulsen. 

- Det var nok litt tilfeldig at eg kom til å søkje på jobben eg har no. Eg hadde eigentleg ikkje trudd eg kom til å få han, så då dei ringte frå Vang blei eg både overraska og glad, ler Fretheim Neverdal. 

- Eg var jo her mykje i barndommen og gjennom oppveksten, ettersom mine besteforeldre hadde hytte her i bygda. Så, eg er jo ikkje heilt på ukjente trakter, smiler ho. 

- I tillegg bur mor mi og stefar min her i Vang, så det er triveleg å koma nærmare dei og ha kortare veg til resten av familien, legg ho til. 

 

Møtt med opne armar 

Etter omlag 3 månader som leiar for læringssenteret har ho no landa stødig i ny kvardag, og likar seg både i bygda og i arbeidet. Denne gongen er det ikkje handballar ho sjonglerar i lufta! 

- Eg er ein litt rastløst person og likar å lære meg nye ting. Erfaringa frå tidlegare jobb med lederansvar er svært verdifull no. Det er jo veldig sunt for meg å bli utfordra på ein heilt ny måte og tenke litt annleis, smiler ho.

- Eg føler meg møtt med opne armar og trivst særs godt! Sjølv om eg må innrømme at ei Bærums-jente som meg i blant kan sakne dei litt meir urbane møteplassane, ler ho.

- Dette blir på sett og vis eit litt annleis år for meg. Eg er verken glad i friluftsliv eller flink til å gå på ski! Så, dette året blir idrettshall bytta ut med langrennski og frisk fjelluft, smiler Berine. 

 

Me ynskjer Bertine varmt velkomen til Vang og lukke til med skiteknikken i vinter!