Leif Håkon Karlsen byrja som dagleg leiar hjå i3 Element i mars. Marianne Riste startar som bilbioteksjef i Vang 1. oktober.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang: Biblioteksjef Marianne og i3-sjef Leif Håkon

Nye i Vang: Biblioteksjef Marianne og i3-sjef Leif Håkon

19. august 2020

Men fyrst skal dei bli skikkelege vangsgjeldingar. Båe har landa gromjobbar i Vang og i løpet av hausten blir Ringerike bytta ut med Valdres på heiltid. 

- Vi har vore inne på tanken om å gjera valdrisar av oss tidlegare, men då har vi ikkje funne arbeid. Då Leif Håkon byrja som dagleg leiar hjå i3 Element i mars sette vi ein frist på to år på å avgjere om det blir Valdres eller Ringerike. Då jobben som biblioteksjef vart lyst ut og eg fekk den, ja då vart det Vang, fortel Marianne Riste (42). 

Ho er oppvaksen i Lomen, men har budd uttabygds i over 20 år. Dei siste 16 åra har ho jobba på biblioteket ved Universitetet i Søraust-Noreg. Leif Håkon Karlsen (50) kjem frå Hønefoss og har bakgrunn frå bilbransjen før han no i vår gjekk over til i3 Element og byggebransjen.  

Hundar, sykkel og jakt

Paret er ivrige syklistar og har i mange år vore engasjerte i sykkelmiljøet på Ringerike.

– Då vi trappa ned der fekk vi tid til å byggje hytte på Syndin, og no kan vi nyte livet tll fjells akkurat når vi vil. Det er ikkje dei høge fjelltoppane vi slit ut, men vi er gjerne på tur til fots eller på sykkel. 

Med på tur er ofte dei to engelske setterne, som er særs nøgd med å ha bytta ut skog med fjell. Utover hausten no skal dei få bryne seg på rypejakt i lag med Leif Håkon.

- Eg vart nyoppført i jegerregisteret i vår, så vi får sjå kva det blir til med jakt etterkvart. Enn så lenge er eg meir treffsikker med nål og strikkepinnar, glisar Marianne.

Langsiktige planar

Marianne ser fram til å ta over som biblioteksjef 1. oktober og sjølv om det no klaffa med arbeid for båe, er det kanskje ikkje heilt tilfeldig at det vart Vang. 

– Eg har sidan skuledagane hatt ei avtale med ei venninne om at Vangsheimen er siste stasjon i livet. Medan vi bur der skal vi rømme ut vindauga i fyrste etasje, vekk frå dei unge, kjekke pleiarane og ut for å handle på polet som då kjem til å ligge vegg-i-vegg med Coop’n. 

Vang har med andre ord nokre år på seg til å få på plass eit vinmonopol. Av andre oppsider nemner dei flott natur, kort veg til hytta på Syndin og ei framoverlent kommune.

- Vang har ei framoverretta haldning som vi likar godt, dei legg godt til rette for å bygge opp kommunen, dei ynskjer folk til seg og arbeider aktivt med det. No har vi jo ikkje erfaringa heilt enno, men det seiast at dei som bur i Vang tek godt i mot nye innbyggjarar.

- Vi er på utkikk etter ein fin plass å bu, helst i området Grindaheim. Inntil vi finn rette plassen blir vi nok buande på Tveit, der vi leiger no, seier Leif Håkon.

Velkommen!