Anna Ødegården (28) har flytta heim til Vang og ein variert arbeidskvardag med familien tett på.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang: Heimflyttar Anna leiter etter bustad

Nye i Vang: Heimflyttar Anna leiter etter bustad

29. juli 2020

Anna Ødegården (28) kombinerar jobb for Vestre Slidre kommune med å vera avløysar på heimgarden i Liagardane.

– Det har vore slik at uansett kor eg har budd i Noreg eller verda, så har det alltid vore litt keisamt dei gongene eg har skulle reise att frå Vang. Difor var det eit enkelt val å søkje jobb her då eg var ferdig med sosionomutdanninga mi. Eg har vener og familie her, og ikkje minst nevøane mine som eg er med så mykje eg kan, fortel Anna. 

Ho fullførte sosionomutdannig ved Høgskulen på Lillehammer førre våren og har ved sidan av studiar nytta dei siste åra både til reising og humanitært arbeid. No er ho godt nøgd med å ha landa i Vang og i Valdres.

- Eg trivst svært godt, sjølv om den siste tida har vore spesiell. Mykje av det eg synest var keisamt med Vang då eg var yngre, er det eg likar så godt no. At naturen er rett utanfor dørstokken og at det er så roleg her langt borte ifrå byen sitt mas. 

Den fyrste tida heime har Anna leigd seg inn på Hugasyn hyttegrend som fleire før ho har gjort. Der trivst ho godt, sjølv om hyttelivet ikkje kan vare evig.

– Utfordringa mi er å finne meg ein meir varig plass å bu i Vang, særleg i det området eg ynskjer å bu i. Eg lyt innrømme det er trist at såpass mange hus i grendene i Vang står tomme mykje av året og vert brukt som fritidsbustad. Eg har høyrt med mange av dei aktuelle i grenda det siste året, men anten vil dei ikkje leie ut, eller så vil dei ikkje rydde ut av husa.

Sit du no og har ein bustad på lager i Åsvang-området, finn du Anna både på gule sider og på facebook. 

Velkommen!