Mona Wiik Jonassen (25) kjem med ein fersk master i folkehelsevitenskap til jobben som frisklivsrettleiar i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang:  Mona (25) er ny frisklivsrettleiar

Nye i Vang:  Mona (25) er ny frisklivsrettleiar

30. juni 2020

Mona Wiik Jonassen (25) frå Forsand i Rogaland er i gang som ny frilsklivsrettleiar i Vang. Sambuaren Sondre har fått lærarjobb i Vestre Slidre og saman har dei flytta til Lundsmarka i Vang sentrum.

– Vi er ikkje bunde til nokon spesifikk plass og då eg fekk tilbod om denne jobben løyste det seg etter kvart også for Sondre, og då vart det Vang, fortel Mona Wiik Jonassen. 

Denne våren fullførte ho mastergrad i folkehelsevitenskap gjennom Høgskulen i Innlandet på Elverum, der førebyggjande og helsefremmjande arbeid er i fokus. 

– Jobb som frisklivsrettleiar passer godt med både interesse og utdanning. Det blir arbeid for både yngre og eldre både individuelt og i grupper ut over hausten. Det skal bli godt å koma skikkelig i gang, fortel Jonassen. 

Enn så lenge kan du for eksempel teste rebusen lagt ut av frisklivssentralen i Vang sentrum

Vi kjem tilbake med kva som skjer på frisklivsentralen etter sommarferien. 

Kva er inntrykket av Vang så langt?

– Alle eg møter er skikkelig positive og interesserte, og det tenkjer eg er det aller viktigaste med ein plass. Så er det sjølvsagt ein bonus med den flotte naturen og ein rå idrettshall. Sondre er til dømes over snittet interessert i fisking, så vi skal nok ut på vår del av både fjell- og fisketurar i løpet av sommaren og hausten.

Her på vangivaldres.no presenterer ein del av dei nye folka i Vang denne sommaren. Nokon vi bør ta ein kort prat med? Tips hallgrim@vangivaldres.no