Silje Lundstad Gulberg har slått seg til ro i Vang i lag med kjæraste og heimflyttar Øystein Kvam. Ho jobbar i resepsjonen på kommunehuset, han hjå Vang Auto-Service AS.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang: Silje frå Toten - det er som å vakne i eit måleri

Nye i Vang: Silje frå Toten - det er som å vakne i eit måleri

18. august 2020

Eit ynskje om eit roleg liv i flotte omgjevnader førte Silje frå Toten og Øystein frå Vang tilbake til heimbygda hans. 


- Det er ganske mektig å vakne til store fjell kvar dag når ein vant til flate jorder. Så eg føler meg heldig som bur i er eit Kittelsen-måleri, fortel Silje Lundstad Gullberg (26) frå Toten.

Før jul byrja ho i resepsjonen på kommunehuset, men sambuar Øystein Kvam som har vekse opp i Vang har fått jobb hjå Vang Auto-Serice AS. 

- Eg har ennå til gode å se mykje av turområda, men då er det praktisk å ha privat turguide i sambuaren når ein fyrst dreg på tur, seier Silje. 

Paret har vore saman i eit par år no og bur på Bøflaten. 

- Vi budde faktisk i Folldal tidlegare, så vi har oppgradert med tanke på innbyggjartal. Både der og her kunne det gjerne vore kino kvar veke då eg er særs filminteressert, men bygdekinoen og ein tur til Fagernes i ny og ne er gode alternativ, fortel Silje. 

Det har vore mykje jobb den fyrste sommaren i Vang, men feriedagane er nytta til koronavennlege småturar og oppussing hjå systera på Toten.