Skjermbilde 2014-08-05 kl. 14.37.58.png
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye nettsider for Vang

Nye nettsider

15. september 2014

Her tek vi deg tett på bygdelivet i fjellbygda Vang øvst i Valdres. Reportasjer, nyheiter, kalender, blogginnlegg og ein oversikt over både bustads– og arbeidsmarknaden er kva du finn på dei nye sidane. 

– Det er på sin plass at landets beste plass å bu også har landets beste nettside, slår blestministert i Innovangsjon, Hallgrim Rogn fast. Han har pusla med nettsida dei siste vekene og er mildt sagt godt nøgd med resultatet. 

– Designet har tidlegare næringsutvikler i Innovangsjon, Eirik Høyme Rogn, stått for. Alt som ligg bak, det vi andre ikkje skjønar stort av, har Kreativ Strek ved Christopher Brandsdal stått for. Mens sida er fylt opp av innhald av oss i Innovangsjon, fortel han. 

Har du innspel til nettsida? hallgrim@vangivaldres.no tek vel i mot alle innspel.