B1145EF0 9F33 41A9 B843 659AF3356C75 1 201 A
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye tilbod i Vang kulturskule

Nye tilbod i Vang kulturskule

31. mars 2022
Med nyoppussa og oppgradert meny er det no eit rikhaldig tilbod i Vang kulturskule året 2022/2023!

Vang kulturskule skilter med ein saftig meny når dei no opnar for søknader for skuleåret 2022/2023. I år er det også fleire nye tilbod med i programmet! Blant anna kan du no søkje på rytmisk samspel, opfinnarklubben på Jockerspace i Ryfoss og musikkteknologi! 

Du finn sjølvsagt att dei gamle gode tilboda også. Så, anten du har ei teaterspire i magen, ei songfugl i halsen, rastlause danseføtter eller sans for ulike instrument - så har Vang kulturskule eit tilbod til deg! Oversikt over kva du kan søkje på og meir informasjon om kulturskulen, finn du ved i klikke her.

Så, kva venter du på? Ta fatt på draumen og søk plass i Vang kulturskule!