Nyheit

Nykommarar frå Vang på Rakfiskfestivalen

  Nyheitsarkiv
09. nov 2015
  • Nils Torstein Hermunstad nytta Rakfiskfestivalen for å lansere konseptet «Øko–Nils». Foto: valdres.no/Nils Rogn
  • Nertrost fjellgard var på plass med sin fjellokse som har beita heile sumaren i Smådalen i Vang. Foto: valdres.no/Nils Rogn
  • Her ser du kvifor Rakfiskfestivalen er ein god plass for å nå ut med produktet sitt. Foto: valdres.no/Nils Rogn
  • Smådalskjøtt var på plass med kurven sin i lokalmat-teltet torsdag. Foto: valdres.no/Nils Rogn
  • Bjørg Berge lager gelé av ulikt slag av bær plukka i Vang. Foto: valdres.no/Nils Rogn
  • Berit Nefstad representerte Sørre Hemsing på Hanen sin stand der ho også selde kurv og rakfisklefser. Foto: valdres.no/Nils Rogn
Synte seg fram for eit stort publikum

Øko–Nils, Nertrost Fjellgard og heimelaga gelé frå Berge var nye lokalmatprodusentar frå Vang som synte seg fram på Rakfiskfestivalen. 

– Etter ein litt roleg fredag var det fullt trøkk gjennom det meste av laurdagen, fortel Nils Torstein Hermunstad, eller Øko–Nils som han heiter i det han er ute med kremarhatten på.

Kort tid før festivalen bestemte han seg for å satse på vidareforedling av kjøtet frå sine skotske høylandsfe under eiget merkenamn.

– Burgeren av høylandsfe med heimebaka brød til var den store salsvinnaren. I tillegg hadde vi med rakfisk, bakt potet og gjeddekaker med økologiske ingrediensar, fortel Hermunstad.

Planen vidare er å etablere storkjøkken på garden heime og starte sal av produkta derifrå. Samt å reise rundt på andre mat-festivalar med Øko-Nils–vogna.

Nertrost fjellgard

Også John G. Haugen hadde kasta seg rundt og stilte med merkevara «Nertrost fjellgard» i lokalmat-teltet på torsdagen under festivalen. Konseptet er fjelloksar som har beita i Smådalen heile sumaren.

– Eg er utruleg godt fornøgd med opplegget. Det vart ein del sal, samt mange gode kontakter, fortel Haugen.

Han har tenkt i fleire år på starte opp sal av kjøtt under eige merkevare, og initiativet med lokalmat-marknad var det som skulle til for å koma i gang no. Etter mange gode tilbakmemeldingar på Rakfiskfestivalen er planen å smi mens jernet er varmt.

– Det blir nok ein tur på «Bondens marked» snart, pluss at eg skal følgje opp eit par andre kontakter som dukka opp. Planen er bruke ein del tid på dette fram til jul, for så å prioritere andre ting i vinter, avsluttar Haugen.

Ved siden av Øko-Nils og Nertrost fjellgard var også Bjørg Berge på plass med heimelaga gelear av bær plukka i Vang, samt at Smådalskjøtt hadde teke med seg kurven nedover til lokalmat-marknaden. Berit Nefstad stod på stand med Hanen der ho selde rakfisklefser og kurv og representerte Sørre Hemsing.