F43BA88C B678 45E3 8704 2551DC768AF6
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Øivind startar opp Vang brønnboring

Øivind startar opp Vang brønnboring

04. september 2022
Øivind Petersen har starta opp Vang Brønnboring og er klar for å ta fatt på nye borreoppdrag i fjellheimen.

- Dette blir veldig spennande, og ein litt annleis måte å arbeide på enn eg er vant med, smiler Øivind Petersen. 

Han og kona Jorun har landa stødig i sitt flunkande nye hus i Krøssvøllhaugadn. Opprinneleg er dei frå Asker, men har hatt hytte i Vang i årevis. Då dei tok beslutninga om å flytte oppover for ei stund sidan, tok dei like gjerne med seg barn og barnebarn, og ein del av bedrifta til Øivind. 

- Eg har fortsatt ein del av bedrifta i Asker og Bærum, og har no oppretta Vang Brønnboring her. Det er ein veldig fin måte å gjere det på ettersom eg no bur fast her oppe, men framleis har moglegheit til å reise nedover på større prosjekt, fortel Petersen.

 

Må bli kjent med markedet og bygda

Øivind har dreve firmaet Asker og Bærum Brønnboring sidan 1995. Han har jobba både på større og mindre prosjekt, og har brei erfaring frå yrket som brønnoperatør. Frå 2012 gjekk det over til eit eiget AS.

Han legg difor ikkje skjul på at det er litt ekstra spennande å prøve seg på eit heilt nytt marked. 

- Det er jo ein omveltning å flytte til Vang og starte opp her. Det er jo eit heilt annleis marked her, enn i byen. Så eg er veldig spent på korleis det blir, me må rett og slett prøve oss fram og bli kjent, fortel Petersen. 

Han har hovedbase her i Vang og har allerede ordna seg lagerplass i Synshagen, der han kan lagre alle maskiner og verktøy.

- Eg kjem til å arbeide her i Vang, og ikkje ta for meg av markedet utanfor kommunegrensene. Dette er eit stort område og det er mykje enklare og praktisk å kun arbeide på ein plass, seier Petersen. 

- Det som blir viktig framover er å prøve seg fram og forstå markedet, samt synleggjera at Vang Brønnboring faktisk eksisterer. Det er på veg ei heimeside, men det er ikkje heilt klar endå, smiler han.

Og medan Øivind tek seg av borreoppdrag, er det kona Jorun som held støtt i roret på kontor og administrasjon. 

- Me har vel hatt det slik sidan 2009, at Jorun har vore ansvarleg for kontorbiten i firma. Det fungerer veldig fint, me er ein god duo, ler Petersen.

 

Sjølv om heimesida ikkje er oppe endå, er Facebook-sida til Vang Brønnboring oppe og går!