D9E9236D 28C2 465F A02F 0E6AD7B722E9
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Øker beredskapen i Jotunheimen

Øker beredskapen i Jotunheimen

02. november 2022
Tre kamera ved Lortevika på Tyin, skal no gjere det endå lettare for luftambulansen og øvrig redningstjeneste å gje rask og riktig akuttmedisinsk behandling.

- Ein kan i aller høgaste grad sei at beredskapen vert styrka av detta tiltaket. Værkamerastasjonen som er satt opp kan vera avgjerande for om ein sender bil eller helikopter, og dermed også vera avgjerande for å redde liv, seier Kristian Møller Pettersen, servicetekniker i Norsk Luftambulanse Teknologi. 

Værstasjonen han siktar til er nyleg satt opp ved Lortevika langs Tyinvannet, der tre speilreflekskameraer skal vera med å gje helikopterpilotar ein betre indikasjon på om dei kan fly, eller ikkje. 

- Værkamerastasjonen ved Tyin har vore etterspurt lenge. Akkurat her går skille mellom aust og vest, og dermed og eit litt tydelegare værskille. Der er difor ekstra gunstig å få opp ein slik stasjon i dette området, fortel Pettersen.

Han fortel at det i området rundt er stasjonar både i Hemsedal, Turtagrø, Gjendesheim, Fagernes, Leira og Lom. Tyin er derfor ei viktig puslespelbrikke som fell på plass i dalførane rundt oss. 

Kunnskap om været er livsviktig 

Ein kreativ flygers idé tilbake i 2013, har revolusjonert måten luftambulansemannskapane skaffer seg oversikt over været. Takket være bidrag frå støttespelarar, har Stiftelsen Norsk Luftambulanse finansiert nærmare 150 værkamerastasjoner over heile landet.

- Me var fyrst på ei befaring ved Tyin for å finne egna plassering. Det er mykje som spelar inn, både terreng, eventuelle hindringer, vann og riktig høgde. Til slutt endte me på at Lortevika var ei heilt perfekt lokasjon for stasjonen, seier Pettersen. 

 

Positive folk i Vang 

Pettersen fortel at prosessen frå dei fant lokasjon, til værkamerastasjonen var oppe - var både effektiv og særdeles positiv. 

- Mykje av grunnen til at dette har gått så fort, er rett og slett fordi det er veldig mykje positivt innstilte folk i Vang! Både kommunen, grunneigar, Vang energiverk og lokale elektrikere som har hjulpet oss, har vore så engasjert i å få til dette før vinteren. Ein stor takk til dei!, seier han. 

- Eg og kollega Petter Sellevold kom til dekka bord og alt var klart til installasjon, smiler Pettersen. 

 

Tett samarbeid med Meterologisk institutt

Stiftelsen Norsk Luftambulanse og Norsk Luftambulanse teknologi har naturleg nok eit særdeles tett samarbeid med Meterologisk institutt. 

- Det er utruleg viktig at vi har eit godt samarbeid, kunnskap og informasjon om været er livsviktig i denne sammenheng, seier Pettersen. 

Han fortel at dei dreg stor nytte av kvarandre, Norsk Luftambulanse teknologi bidreg med bileter frå værkamerastasjonane rundt om i landet, til yr.no. 

- Ein kan også sjå bileter frå stasjonen på Tyin via yr.no. Då søkjer ein opp Tyin i søkefeltet, og velger ¨i nærheten¨, då får ein opp alle værkamerastasjoner rundt Tyin, seier han. 

- Så må ein jo sei at det verkeleg er ein bonus at ein får så flotte bileter frå kameraene som står på stasjonen. Me har fått nokre skikkeleg flotte bileter av nordlyset ved Tyinvatnet, med fjella i bakgrunnen, smiler Pettersen. 

 

Sjå fleire bileter frå monteringa og nordlyset ved Tyin nedanfor!