Eirik Berge på garden Bøe i Vang sentrum har planta solbær på om lag 70 mål dyrka mark.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Økologiske solbær

Satsar på økologiske solbær

25. august 2017

I solhellinga langs Klukkargardsvegen i Vang sentrum har Eirik Berge planta solbær på om lag 70 mål dyrka mark. Denne veka opna han for sjølvplukka av stor, søt og heiløkologisk solbær.

– Klimamessig er det heilt ideelt med solbær i Vang. Sein blomstring betyr at ein ikkje treng tenke på nattefrost, samstundes som sein innhausting betyr stor og søt bær, fortel Eirik Berge.

Han tok over garden Bøe langs Klukkargardsvegen i Vang sentrum for nokre år sidan og planta ut stiklingar av solbær for fire år sidan.

Inviterer til sjølvplukk

Det tek fem år før solbærplantene er i full produksjon, men allereie no er det god avling frå dei 70 måla med solbær.

– Frå klokka ti og ut over er det berre å koma, både vekedagar og helg. Det er 29 kroner kiloen for solbæra og det kan vera lurt å ta med ein krakk for den som vil plukke mykje, fortel Berge.

Råsaft og arbeidsplassar

Etter planen vert det sjølvplukk no i haust og neste år. Etter det vil han hauste mesteparten av produksjonen sjølv og starte produksjon av råsaft.

– Usukra råsaft av økologiske solbær er sunt, særs godt og kan brukast på mange måtar i hushaldet. Planen er å byggje opp ei merkevare kring dette produktet, fortel Berge.

Han er no i fast arbeid ved sidan av bærproduksjonen, men ambisjonen på sikt er å skape solbær-arbeidsplassar i Vang.