Pressebilde 22
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv ØkoNils med heilt nytt konsept

ØkoNils med heilt nytt konsept

19. august 2021
ØkoNils har starta opp eit flunkande nytt tilbod innan kortreist mat. Du kan no kjøpe din eigen okse og du bestem sjølv korleis du best utnytt heile dyret.

- Eg fekk ideen då eg stod og betrakta oksane medan dei beita i det vakre og ville landskapet på stølen, seier Nils Torstein Hermundstad. 

Av dei 13 oksekalvane som i sumar beiter på Vaset i Røn, kan du no kjøpe ditt eige dyr. Når den er klar for slakt er det opp til kvar enkelt korleis ein vil tilberede oksne. 

ØkoNils har avtale både med Nortura og Reboli for viderefordeling. 

- Hvis ein familie kjøper ein okse, kan die planlegge sjølv korleis dei utnytt dyret best mogleg. På denne måten får ingenting av dyret til spillet, seier Hermunstad. 

 

Kvalitetskjøtt frå Valdres 

Reboli lager etter avtale produkter fra ØkoNils etter tradisjonelle oppskrifter frå Valdres. Ein kan ta ut hvilke stykkningsdelar ein ynskjer, og få ferdig laga kjøttdelar som kjøttdeig, pølser, hamburgarar og kjøttkaker. 

- Dette er kvalitetskjøtt frå Valdres av frittgåande, skotsk høylandsfe, smiler Hermundstad. 

I tørkerommet på stølen har Hermundstad eigenprodusert kurv frå Valdres. Dette er ei urøykt spekepølse som er laga i samsvar med gamle tradisjonar. 

- Spekepølsa tørkes naturleg og er laga for å konservere kjøtt og innmat som ikkje vart utnytta på anna måte etter haustslaktinga. Denne kurven er laga blant anna av skotsk høylandsfe, og er vorte svært ettertrakta, seier bonden frå Øye. 

 

 

Oppteken av dyrevelferd 

I fleire år har ØkoNils laga ulike produkter av skotsk høylandsfe. I dag har han nærmare 50 dyr som beiter ute heile året. Om sumaren går dei oppe i fjellet, og i oktober vender dei snuta heim til garden. 

Dette gjer at dyra får i seg naturlege plantar og urtar, noko som gir kjøttet ein heilt spesiell rein og god smak. 

- Dei får berre gras om vinteren, ikkje karftfor. Dette gjer at dyra veks langsamt og naturleg, seier Hermunstad, som er svært oppteken av dyrevelferd. 

For han er det viktigaste at dyra trivtst og har det godt, slik at dei unngår stress. Spesielt gjeld dette drektige kyr, som føder naturleg i naturen. 

 

 

Kortreist mat 

ØkoNils selg oksekalvane direkte til forbrukaren. Dei som ynskjer å kjøpe ein kalv, inviterar han opp på stølen på Vaset. 

- Det er fyrstemann til mølla. Eg håper verkeleg dette konseptet slår til, seier Hermundstad. 

I praksis vil det fungere slik at når oksen er moden for slakt i september / oktober, bil dyret få eit navn og nummer, og går derfra videre fra Nortura til Reboli. 

- Det er opp til kvar enkel kva produkt dei vil lage, avsluttar Hermundstaf, som har fått gode tilbakemeldingar på produktane han lager av skotsk høylandsfe. 

 

 

Tekst / foto: Anne Karin Skjær.