IMG 2266
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ola Erik er ny rektor på VBU

Ola Erik er ny rektor på VBU

29. juni 2022
Ola Erik Heen Moe har tatt med seg familien frå Elverum og flytta heim til Vang. No har han landa stødig i jobben som rektor ved Vang - barne og ungdomsskule og stortrivst.

- Det er fint å koma tilbake til Vang. Både eg og familien trivst utruleg godt og me har fått ein veldig varm og fin velkomst, smiler Ola Erik Heen Moe. 

Han er slettes ikkje ny i bygda, Ola Erik er vaksen opp i Vang og er godt kjent, men har budd utanbygds sidan han byrja på videregåande. Då han i vår fekk tilbod om rektorjobb i heimbygda, valde familien å flytte frå Elverum og opp til høgfjellet. 

Og no er han tilbake der han sjølv spilte fotball i skolegården og lærte matteoppgaver i klasserommet. Dog i ein litt anna rolle denne gongen. 

- Det føles bra å få komme tilbake til Vang, der eg sjølv har gode minner frå barndommen, og kunne bidra til at barn og unge i dag skal få ein god oppvekst og skolegang, seier Heen Moe. 

- Å vera rektor på VBU er ein fin jobb. Det er sjølvsagt mykje nytt å setja seg inn i og mykje å lære, men eg har veldig gode kollegaer og elever rundt meg. Så er me utruleg heldige som bur i ei kommune som satser på skulen, smiler han.

 

Kjekt med nettverk rundt seg 

Det har aldri vore nokon banka plan at Ola Erik skulle flytte heim til Vang, snarere tvert imot trivdes både han og familien særdeles godt på Elvreum med jobb og aktiviteter rundt seg. 

- Å flytte til Vang vart bestemt litt på sparket. Me har vore her mykje på ferier og trivdes godt med det, men då pandemien kom såg ein jo verkeleg verdien av å ha familie og eit godt nettverk rundt seg, fortel Heen Moe. 

- Så då eg fekk tilbod om denne jobben, var det veldig lysbetont å flytte oppover. Her har me både min familie, mykje natur å boltre oss i og veldig mange på vår alder som er komen heim for å etablere seg. Det er veldig kjekt, smlier han. 

Sambuaren til Ola Erik, Ingrid, er langrennstrener for damelandslaget i Sverige og pendlar ein del att og fram. Det er difor ekstra deilig å kunne koble av frå jobb og kvardag i den flotte Vangsnaturen, saman med barna. 

- Det er jo fantastisk her i Vang, å kunne boltre seg i mykje flotte turområder og mange moglegheiter rett utanfor dørstokken. Me er og glad i å fiske, og då er det perfekt med alle fiskevatn rundt omkring i bygda, smiler Heen Moe. 

 

Vil bli i Vang

Ola Erik fortel at familien no ser for seg å bli verande i Vang og at mykje ligg tilrette for nettopp det. I utgangspunktet er jobben som rektor eit årsvikariat, men familien på fire trivst så godt at dei no satsar på å bli verande i bygda 

- Tanken og planen er absolutt å blir her. Med både familie og gode vener er det vanskeleg å tenke tanken på å ikkje bli verande, seier Heen Moe. 

Men før kvardagslivet rullar i gong igjen, skal det no ein lang og deilig sumarferie til. 

- Eg gler meg til å få landa litt og la alle inntrykk synke inn. Så er eg klar for kvardagen som rektor igjen til hausten, det blir veldig fint, smiler han.