Fullsizeoutput 1756
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ola Martin satsar på eigen bedrift

Ola Martin satsar på eigen bedrift

31. oktober 2021
Ola Martin Grøv (26) har nyleg take over den veletablerte bedriften, Sogn Alu Design AS. Med eit kundenett som strekk seg frå Indre sogn og heilt ned til Bagn og Dokka er det hektiske, men artige dagar for den unge eigaren!

- Kvardagen er utruleg spennande og lærerik. Det er sjølvsagt mykje ansvar og travle dagar, men eg likar at det er litt hektisk og. Det er jo eigentleg eit godt tekn, ler Ola Martin Grøv (26). 

For kort tid sidan tok han over Sogn Alu Design, eit firma som leverer og monterer fasadeprodukter. I tillegg er han freelance og forhandlar for Windsor, som er ein av Norges største leverandørar av industriportar. 

Og med eit langstrakt kundenettverk som strekk seg heile vegen frå Indre Sogn til Bagn og Dokka, er det nok å henge fingrane i for Grøv. 

- Sjølv om det er hektisk, så er eg utruleg takknemleg for jobben min. Det å overta drifta av eit så veletablert firma er ein vanvittig moglegheit og verdt all jobb, smiler Grøv. 

 

Pangstart på ny arbeidskvardag 

Tidlegare har Ola Martin jobba på anlegg i Lillestrøm og har lang erfaring frå bransjen. Faktisk heilt frå barndommen har han vore med sin far, som også arbeider i Windsor, og starta tidleg å lære om faget. 

- Eg har nok alltid synes det har vore spennande og vært raus med å stille spørsmål mens eg kunne, ler Grøv. 

- Då eg og sambuaren tok valet om å flytte til Vang. i 2019, starta eg sjølv opp som forhandlar for Windsor og har hatt mange oppdrag sidan. For meg var og er det ei stor tillitserklæring å få jobbe for eit så stort firma, legg han til. 

Og no nyleg tok han altså over det mangeårige og veletablerte firmaet, Sogn Alu Design AS. 

- Den overtakinga skjedde nok litt raskare enn eg hadde sett for meg. Brått blei eg både eigar og dagleg leiar, og stod med mykje ansvar på skuldrane. Eg har ikkje kvila på mykje lauvbæra for å sei det slik, ler han. 

- Men eg trivst med arbeidskvardagen og synes det er heilt supert å både få montere, og skreddersy produkt til kunden, samt yte service og sjå at dei blir fornøgd. Me veit jo at dei som er opptekne av kvalitet, kjem til oss i Sogn Alu Design AS, smiler han.

 

Treng fleire ansatte 

Med så travel kvardag, er det ikkje lenger nok med kun to hender og Ola Martin ser nå etter ein kollega som kan arbeide saman med han i Sogn Alu Design AS. 

- Eg er heilt avhengig av å få på plass ein ansatt snart, for det er rett og slett for hektisk for kun ein person no. Difor søkjer eg no etter ein montør som kan montere garasjeporter / industriporter, samt montering av innvendig og utvendig solskjerming, seier Grøv. 

- Arbeidsstad vil vera Valdres og Indre sogn, så ein må pårekne litt reising hit og dit. Likevel strekk eg meg langt for å kunne tilpasse arbeidstider for den ansatte. Det viktigste er at dei trivst i jobben, smiler han. 

Du kan lese meir om stillinga her. 

Har du ellers andre spørsmål, eller kanskje du treng ein ny garasjeport heime? Då kontaktar du Ola Martin Grøv på tlf. 900 61 553